Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Prosjektet mitt for berekraftig endring

I dette opplegget skal du setje i gong eit prosjekt der du gjer ei endring som bidreg til berekraft. Finn ut kva du vil endre og set i gong!

Kan éin person bidra til berekraftig endring?

For at utviklinga i verda skal bli berekraftig må vi få til endring. Vi må samarbeide på tvers av landegrenser, og alle må bidra: styremakter, frivillige organisasjonar og næringsliv. Du og eg.

I dette prosjektet skal de jobbe med endringar som kvar enkelt av oss kan gjere. I løpet av 30 dagar skal de endre ein vane som har innverknad på berekraftig utvikling. Kan dét bli eit bidrag til berekraftig utvikling?

De skal

  • diskutere kva vaner de har, og korleis dei påverkar berekraftig utvikling
  • gjennomføre ein test som hjelper dykk med å finne ut kva saker som engasjerer dykk mest
  • planleggje og gjennomføre eit prosjekt der de skal gjennomføre ei endring i 30 dagar
  • undersøkje ulike perspektiv som er knytte til det de vel å endre

Om prosjektet

Dette prosjektet er tverrfagleg. Når de gjennomfører det, vil de få bruk for kunnskapar og evner frå mange fag, mellom anna samfunnsfag, norsk og naturfag.

Prosjektet varer i 30 dagar, men de kan sjølv avgjere kor mykje tid de bruker på skulen undervegs i prosjektet.

Læringsstien nedanfor vil leie dykk gjennom dei ulike fasane av prosjektet.

Sist oppdatert 2020-10-19T08:34:04Z
Tekst: Thomas Bedin (CC BY-SA)

Læringsressursar

Prosjektet mitt for berekraftig endring

Læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Vurderingsressurs