Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk ytringsfridommen din!

Korleis kan du komme gjennom med stemma di og bruke ytringsfridommen på ein aktiv og forsvarleg måte? Eit levande demokrati treng eit mangfald av stemmer. Viktige samfunnsspørsmål blir debatterte i ulike kanalar kvar einaste dag.
Gut med ropert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangfald og ytringsansvar

Eit demokrati er avhengig av eit breitt mangfald av stemmer. Ytringsfridom er eit ufråvikeleg prinsipp i demokratiet vårt. Men sjølv om vi har fullstendig ytringsfridom her i landet, må du likevel ta ansvar for ytringane dine. Du må vere klar over at nokre ytringar kan verke krenkjande på andre.

Ytringsansvar

"Alle har rett til ytringsfridom, men denne fridommen medfører plikter og ansvar".

(Menneskerettslova, 1999)

I eit demokrati er meiningsutveksling og usemje grunnleggande. Det er viktig å legge til rette for ein god debattkultur med stor takhøgde og eit breitt meiningsmangfald.

Debattkultur

Hets og sjikane er døme på ytringar som kan få uheldige konsekvensar for dei som blir ramma. Nokon gonger kan det vere vanskeleg å føresjå om enkelte menneske kan bli krenkte av det du ytrar. Du må samstundes vere medviten ytringsansvaret ditt. Folk skal behandlast med respekt og verdigheit sjølv om du er usamd.

Tenk over

Kva meiner du? Kva kan du fortelje omverda? Kva tenker du kan bli gjort annleis og til det betre?

Slik blir du høyrt

  • Bruk media: Dersom du ønsker å rette merksemd mot ei sak du brenn for, kan du nytte deg av både tradisjonelle og sosiale mediekanalar.
  • Delta på folkemøte: Her kan du diskutere og argumentere for synspunkta dine.
  • Meld deg inn i ein organisasjon: Det er ofte lettare å bli høyrt når mange står saman. Er du medlem av ein organisasjon, kan du vere med å påverke. Viss du er opptatt av miljøsaker, kan du til dømes melde deg inn i Natur og Ungdom.
  • Bli medlem i eit politisk parti: Her kan du delta i viktige debattar og få store påverknadsmoglegheiter innanfor dei samfunnsspørsmåla som opptar deg. Alle partia på Stortinget har eigne ungdomsparti.
  • Delta i aksjonar: Du kan ytre deg gjennom aksjonar. Ein aksjon set ofte fokus på ei bestemd sak. Du kan aksjonere ved å delta i underskriftskampanjar, støtteaksjonar, boikottar eller demonstrasjonar.

Bruk mediekanalar

Skriv lesarinnlegg i avis

Skriv eit lesarinnlegg og prøv å få det på trykk i ei avis eller publisert i ei nettavis. Lesarinnlegg kan vere med på å skape debatt – det blir lese av mange. Eit innlegg i ei nettavis kan òg bli spreidd i sosiale medium og nå fleire.

Vil du skrive lesarinnlegg?

Skrivetips frå Bergens Tidende:

  • Skriv så lett og engasjerande som du klarer, men ver språkleg presis.


  • Foreslå ein kort tittel og ingress som vekker nysgjerrigheit og problematiserer det du skriv om.


  • Kan du aktualisere teksten ved å vise til ei nyleg eller viktig hending?


  • Få inn konkrete døme i teksten.


  • Adresser gjerne innlegget slik at ein person eller institusjon føler seg forplikta til å svare.


  1. Kan du spisse hovudpoenget ditt mot slutten og finne ein god «punchline»?


Få tips og send inn meininga di til BT

Skriv blogginnlegg


Kvinne med laptop og kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokon vel å blogge om saker som opptar dei. Her kan du velje ulike framgangsmåtar. Du kan skrive blogginnlegg, eller du kan lage videoblogg for å få fram argumenta dine. Videotenester som YouTube og Vimeo er moglege publiseringskanalar du kan nytte deg av.


Ta ordet på sosiale medium

Gjennom sosiale medium kan du vise samfunnsengasjementet ditt, og meiningsytringane dine kan bli spreidde til mange menneske. Facebook og Twitter er døme på gode kanalar for debatt. På sosiale medium kan du òg lage meiningsmålingar for å komme tettare på målgruppa di, og på den måten bidra til diskusjon rundt spørsmåla som opptar deg.

Ytringar på Twitter

  • På Twitter må du vere kort og konsis i formuleringane dine.
  • Dette sosiale mediet blir ofte kalla ein mikroblogg, fordi du har avgrensa med teikn når du skal formidle bodskapen.
  • Twitter-trådar kan legge massivt press på både politikarar, bedrifter og enkeltpersonar.
  • Du kan poste reine tekstoppdateringar, bilde eller video.

Ungdom med nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Menneskerettsloven. 1999. Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (LOV-1999-05-21-30). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-05-21-30

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2019

Læringsressursar

Bruk ytringsfridommen din