Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Ut på golvet!

CC BY-SA

Ta stilling til påstandar

Oppgåver og aktivitetar

Ta stilling: røysterett for 16-åringar?

I denne øvinga skal de ta stilling til påstandar om 16-åringar og røysterett ved å bevege dykk i klasserommet.

Anslått tidsbruk: 30 minutt.

Førebuingar til øvinga:

  • Sørg for rom til å bevege dykk i klasserommet.
  • Peik ut ein ende av rommet som skal vere der du stiller deg om du er einig i ein påstand, ein stad i den andre enden av rommet for deg som er ueinig, og ein stad midt mellom desse.
  • De kan godt leggje eit ark på golvet ved kvar stad, med høvesvis teksten "einig", "ueinig" og "både-og".

Læraren les opp desse påstandane:

  1. Det politikarane held på med, angår ikkje meg.
  2. Eldre folk bryr seg lite om oss unge.
  3. 16-åringar er ikkje modne nok til å ta ansvarlege val.
  4. Vi unge hadde fått det betre, viss vi fekk vere med og stemme.
  5. 16-åringar kan ingenting om politikk.
  • No skal elevane vise korleis dei stiller seg til påstanden, ved å gå til rett stad.
  • For kvar påstand skal elevar frå kvar stad få høve til å forklare kvifor dei står der dei er.
  • Det er lov å bevege seg i løpet av denne runden, dersom du forandrar meining på bakgrunn av noko som blir sagt.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.11.2019