Menneske og natur i eit samisk eventyr og ein moderne sakprosatekst
Les eventyret "Den gylne tida og korleis ho tok slutt" og diskuter i grupper:
Korleis blir naturen skildra i eventyret?
Korleis blir forholdet mellom mennesket og naturen skildra?
Kva eigenskapar ved menneska blir trekte fram som negative for naturen?
Er dette eventyret aktuelt i dag?
Les innleiinga til sakprosaboka Arten som forandret alt av museumsdirektør Reidar Andersen og professor Hans Stenøien.
Mens de les, skal de legge merke til nokre nøkkelord og ha fokus på dei stadene der historiske hendingar og tankar er nemnde.
Adam og Eva
villmark
opplysingstida
Francis Bacon og det moderne prosjektet
- René Descartes og maskinen
- hòlebjørn og sabeltanntiger
den menneskelege naturen
De har nettopp lese ein kompleks sakprosatekst. For å forstå og hugse han betre hjelper det å diskutere dei viktigaste elementa med andre. Set dykk i grupper og diskuter spørsmåla under:
Kvifor trur de forfattarane vel å bruke dei første sidene i boka på historia om Adam og Eva?
"Med opplysingstiden endret folks forhold til naturen seg", skriv forfattarane. Kva meiner dei med det?
- Hugsar de: Kva meinte filosofen Francis Bacon var det moderne prosjektet til mennesket?
- Kva trur de René Descartes meinte med at både dyr og naturen var maskinar?
Kvifor går forfattarane tilbake til utryddinga av hòlebjørnar og sabeltanntigrar for å forklare miljøkrisa?
Kva meiner forfattarane med følgande avsnitt?
Menneskets endring av atmosfæren begynte ikke med de første kullgruvene. Endring og tap av biomer skjedde ikke først med industrialisert landbruk, og utryddelse av arter er ikke et moderne fenomen.
- Er de einige i at menneska alltid har utnytta naturen på feil måte, at det ikkje finst nokon "rein og opphavleg natur" så langt tilbake i tid som vi overhovudet kan sjå? Eller kan vi lære noko av måten menneska før oss brukte naturen på?
Kva er bodskapen i dei to tekstane?
Korleis blir mennesket framstilt i tekstane?
Korleis blir mennesket si behandling av naturen framstilt?