Hopp til innhald
Fagartikkel

Oversikt: mennesket, naturen og berekraft

Menneskets forhold til naturen har endra seg gjennom tidene og fram til i dag. Kva forhold har vi til naturen i dag? Kan vi lære noko av historia no som vi er inne i ein periode med store klima- og miljøutfordringar?

Naturen er grunnlaget for alt

Naturen er grunnlaget for at vi eksisterer, og han er grunnlaget for det moderne samfunnet vårt. Vi har alltid utnytta ressursane som naturen har gitt oss, men no utnyttar vi meir enn det som er berekraftig.

Levde vi meir i pakt med naturen før? Har vi fjerna oss så mykje frå naturen at vi har mista forståinga for korleis han heng saman med det moderne livet vårt? I historiefaget skal vi sjå på korleis folk har teke omsyn til naturen opp gjennom tidene. Kva kan vi lære av historia?

Før vi går vidare, kan det vere greitt å vere klar over kva som ligg i omgrepa berekraft og berekraftig utvikling. Berekraftig utvikling blir gjerne definert som "ei utvikling som kjem dagens behov i møte utan å øydelegge moglegheitene for at kommande generasjonar skal få dekt behova sine".

Tenk over

Kva har vi gjort rett i tidlegare samfunn som vi kan lære av når det gjeld dagens utvikling?

Kva trur du menneska gjorde gale før i tida som vi bør unngå å gjere i dag for å få moglegheit til snu utviklinga?

Menneskets tidsalder?

Nokon meiner menneskas påverknad har ført jorda inn i ein ny geologisk tidsalder: menneskets tidsalder, også kalla antropocen. Vi påverkar naturen i så stor grad at det sannsynlegvis vil vere spor av oss i berggrunnen i millionar av år framover. Vi lever ikkje i pakt med naturen og bruker han ikkje på berekraftig måte. Samtidig er vi heilt avhengige av naturen og økosystema i naturen for å skaffe oss mat og vatn, og det har vi alltid vore.

Vi er også avhengige av naturen for å produsere andre ting vi treng enn berre mat og vatn. Han gir oss til dømes klede frå plantefibrar og ull, ved til brensel og tømmer til husbygging og papir.

Utnytte naturressursar

Å utnytte naturressursar handlar både om å skaffe eller produsere mat og om å hente ut naturressursar til eksport eller ny type produksjon. Døme på det å skaffe mat er både jakt og sanking, men også jordbruks- og dyreproduksjon. Døme på anna utnytting er gruvedrift, fiske, skogbruk og industri basert på vasskraft eller kolkraft.

Ny teknologi, som kom med industrialiseringa på 17- og 1800-talet, gjorde at vi sette i gang ei heilt anna utnytting av naturressursane. Den nye industrien utnytta nye oppfinningar til meir effektiv produksjon av mellom anna klede, men også av jern og metall og produksjon av nye kommunikasjonsformer som jernbane og nye typar skip.

Men måten desse fabrikkane vart drivne på, kunne også skape stor forureining. I England, der den industrielle revolusjonen starta, fann dei opp og utnytta dampmaskina til produksjon. Men for å drive dampmaskinene trong dei kol. Industrialiseringa skapte dermed eit enormt behov for kol, og det vart etablert mange kolgruver for å svare på behovet.

Forureining med den industrielle revolusjonen

I England var fabrikkane ofte drivne av kolkraft. Det var også lenge vanleg å fyre med kol i bustader. Dette skapte mykje luftforureining. Sot la seg på gatene og på bygningane, og mange fekk alvorlege sjukdommar som kronisk bronkitt og andre luftvegsplager på grunn av utsleppa. Arbeidet med å vinne ut kol i kolgruvene var dessutan svært farleg og helseskadeleg.

Det samiske synet på naturen

Vi kan lære av historia, og vi kan lære av det samiske forholdet til naturen. Naturen har alltid vore sentral for samane. Eit natursyn som er felles for alle urfolk, inneber at menneska tilpassar seg naturen, ikkje omvendt. Samane har til alle tider vore avhengige av naturen for å leve, for å sanke ved, plantar og vekstar, jakte, hauste bær og sopp, fiske og drive med rein.

For samane er det viktig at naturressursane blir forvalta på ein måte som gjer at dei som kjem etter får nyttiggjort seg ressursane slik generasjonen før har gjort, at naturressursane ikkje blir brukte opp. Reint konkret kjem dette tydeleg fram når samane slaktar dyr. Alt på dyret blir brukt til mat og handverk – duodji.

Det kan vere ein idé å tenke at vi i dagens samfunn i større grad skal lære av måten urfolk bruker naturressursar på.

Tenk over

Det kan vere ein forskjell i omgrepa som blir brukte. Vi snakkar om å utnytte naturressursane, men kanskje er det like så viktig, som samane gjer, å nyttiggjere seg dei.

  • Kva er forskjellen, trur du?

  • Kva element frå den samiske levemåten ville du valt deg for å leve meir berekraftig?

Naturvern og historia til miljørørsla

Frå 1960-talet vart søkelyset retta mot naturvern. Altså vern mot vass - og luftforureining. Frå då av, og særleg utover på 1970-talet, vart fleire og fleire, også i Noreg, opptekne av at det var ei grense for kor mykje naturen ville tole av utbygging, økonomisk vekst og materiell framgang. Frå 1970-talet vaks det vi kallar miljørørsla, fram.

Miljørørsla er eit litt upresist omgrep, men det er klart at medlemmer av dei store natur- og miljøorganisasjonane høyrer heime innanfor denne nemninga. Dette gjeld mellom anna Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Det same gjeld større folkeaksjonar og større aksjonar som har brukt som verkemiddel.

Det var naturleg at dette fokuset kom frå slutten av 1960-talet då det vart meir merksemd rundt ulike forureiningskjelder. Noreg hadde ved starten av industrialiseringa brukt mykje vasskraft i staden for kol, men etter kvart vart det utvikla annan type industri som hadde store utslepp. På 70-talet sleppte særleg industri og bergverk ut enorme mengder svoveldioksid som bidrog til forsuring av jord og vatn, og det bidrog også til luftvegsplager. Naturvernarbeidet og aksjonane hjelpte, for innan 1993 hadde vi kutta kraftig i utsleppa.

Merksemda rundt forureining og naturvern leidde også til at vi i Noreg allereie i 1972 fekk eit eige miljøverndepartement. Gro Harlem Brundtland, seinare statsminister i fleire periodar, starta den nasjonale politiske karrieren som miljøvernminister frå 1974 til 1979. Internasjonalt er Brundtland kjend for Brundtlandkommisjonen, som definerte og gjorde omgrepet berekraftig utvikling kjent så tidleg som i 1987.

Kjelder

Andersen, G & Halleraker, J.H. (2021, 2. desember). Miljøbevegelsen. I Store norske leksikon. https://snl.no/milj%C3%B8bevegelsen

Benum, E. (2015, 3. november). Forurensning og naturvern. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/1902-forurensning-og-naturvern.html

Hofstad, K & Delsett, L.L. (2021, 16. juni). Antropocen. I Store norske leksikon. https://snl.no/antropocen