Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ein vald konflikt etter 1945

Den kalde krigen prega tiåra etter andre verdskrigen, men både då og i tiåra etter har det vore fleire større konfliktar og krigar. Her skal du utforske ein vald konflikt i perioden 1945–2010.
Flyfoto av eit skip lasta med svære rakettar. Ved sida av er det eit mindre marinefartøy. Det heng missil under flyvengen også. Foto.

Kva skal du utforske?

Du skal utforske ein sjølvvald konflikt eller krig i perioden 1945–2010. Jobb gjerne saman i grupper på to-tre elevar. De skal presentere det de finn ut, for klassen. Kva presentasjonsform de ønsker å bruke, er opp til dykk.

Oppgåve

Vel ein av konfliktane som har gått føre seg etter 1945.

Døme på krigar og konfliktar du kan velje:

  • Den kalde krigen i sin heilskap

  • Koreakrigen

  • Vietnamkrigen

  • Afghanistan:

    • Krigen 1979–1989: Kommunisme mot islamisme etter Sovjetunionens invasjon i 1970

    • Krig i Afghanistan frå 2001, krig mot terror og Al-Qaida

  • Israel og Palestina

  • Nord-Irland – kampen for frigjering frå Storbritannia og ønske om eit samla Irland

  • Baskarland – kampen for sjølvstende for dei baskiske områda i Spania (og Frankrike)

  • Balkankrigane

Problemstilling og spørsmål å stille seg

Det kan vere lurt å formulere ei problemstilling om noko du er spesielt interessert i, før du/de byrjar.

Det kan også vere lurt å ta med nokre av desse punkta:

  • Var det ein verdikonflikt eller ein interessekonflikt? Kan konflikten ha element av begge?

  • Kva var bakgrunnen for konflikten? Bruk gjerne lista i fagartikkelen på samfunnskunnskap om bakgrunnar for konfliktar og krigar (sjå relatert innhald under).

  • Kva partar står mot kvarandre i konflikten? Får desse partane støtte frå andre, til dømes frå andre land?

  • Korleis er tilstanden i landet og konflikten i dag?

  • Korleis blei det jobba / blir det jobba med fredelege løysingar for konflikten?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945