Hopp til innhald

Fagstoff

11. september – krigen mot terror

11. september 2001 gjennomførte al-Qaida historias kanskje mest omfattande terrorangrep mot USA. Denne dagen blei fire amerikanske passasjerfly kapra og floge mot ulike mål i USA, blant dei World Trade Center i New York. Denne terrorhandlinga innleidde USAs globale krig mot terror.
Eit fly er på veg til å krasje inn i World Trade Center. Det eine av dei to tårna har allereie eit svært hol ganske langt opp, og svart røyk veltar ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Terrorangrepa

11. september 2001 blei verda forandra i løpet av nokre timar. USA, som var verdas einaste supermakt, blei denne dagen utsett for dei mest spektakulære terrorangrepa i historia.

Fire passasjerfly blei på morgonen 11. september 2001 kapra på ulike stader i USA. Gjerningsmennene var 19 sjølvmordsaksjonistar frå terrornettverket al-Qaida, leidd av Osama bin Laden. To av flya blei styrta i tvillingtårna World Trade Center i New York, og begge tårna kollapsa. Det tredje flyet styrta i hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon. Det siste flyet styrta på eit jorde i Pennsylvania før det rakk å nå målet sitt, som kanskje var kongressbygninga eller Det kvite hus.

Angrepet på amerikansk jord var eit sjokk, ikkje berre for amerikanarar, men for heile verda.

To eldre menn med skjegg, kvite kjortlar, kamuflasjefarga jakker  og kvite hovudplagg sit ved sida av kvarandre på golvet. Mellom dei ligg eit maskingevær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krig mot terror

Ein reaksjon på terroren frå USA var uunngåeleg. Den dåverande amerikanske presidenten George W. Bush erklærte derfor krig mot terror same dag som terrorhandlingane fann stad.

Krigen mot terror var ein global kampanje som skulle kjenneteikne amerikansk utanrikspolitikk i 20 år. Målet var å kjempe mot internasjonale terrorgrupper og terrornettverk som kunne true USA eller amerikanske interesser.

Krigen mot terror var i utgangspunktet ikkje ei formell krigserklæring mot enkeltland, men han var retta mot alle som støtta terroristar, inkludert statar som tillet terrorgrupper å opphalde seg på territoriet sitt.

George W. Bush sit ved eit skrivebord med hendene folda føre seg. I bakgrunnen er det eit amerikansk flagg. Det står også meir private familiebilete på benken bak han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Invasjon av Afghanistan

Saudiarabaren Osama bin Laden og terrornettverket hans al-Qaida fekk hovudansvaret for angrepet. Terrorgruppa oppheldt seg i Afghanistan på denne tida under vern av den islamske rørsla Taliban, som hadde hatt makta i landet sidan 1996. Det var herifrå bin Laden førebudde terrorangrepet på USA.

Amerikanske styresmakter kravde at Taliban skulle utlevere bin Laden til USA. Taliban avviste dette med å vise til at det ikkje fanst dokumentasjon som beviste at bin Laden var skyldig.

USA invaderte Afghanistan etter å ha sikra seg brei internasjonal støtte. Amerikanarane hevda at angrepet på Afghanistan var i tråd med prinsippet i folkeretten om retten til sjølvforsvar. I tillegg utløyste angrepet på USA artikkel 5 i -traktaten. Denne seier at om eit eller fleire Nato-land blir utsett for angrep, skal dette oppfattast som eit angrep mot alle medlemmar av Nato. Dette er einaste gong Natos artikkel 5 har blitt aktivert.

Kva oppnådde USA i Afghanistan?

Målet for invasjonen var todelt. Al-Qaida og Taliban skulle nedkjempast, og det skulle sikrast at det ikkje lenger var mogleg å planlegge terroraksjonar frå Afghanistan. Taliban blei raskt nedkjempa, og al-Qaida blei svekt. Bin Laden rømde til Pakistan der han blei drepen av amerikanske soldatar i 2011.

Invasjonen av Afghanistan løyste ikkje årsakene til valdeleg islamistisk terror. Det blei aldri etablert noko velfungerande styresett i Afghanistan, og problema i landet med krig og uro heldt fram dei neste 20 åra. Sluttpunktet for krigen mot terror blei markert med amerikansk tilbaketrekking frå Afghanistan i 2021.

I videoen under forklarer NRKs Urix-redaksjon kva som skjedde i Afghanistan frå 2001 til 2021.

Invasjon av Irak

I 2003 førte den globale krigen mot terror til at USA, med sin allierte Storbritannia, invaderte Irak. Bakgrunnen for invasjonen var at USA skylde Irak og diktatoren Saddam Hussein for å støtte internasjonal terrorisme og samarbeide med al-Qaida og Osama bin Laden. I tillegg frykta president George W. Bush at Irak var i ferd med å utvikle masseøydeleggingsvåpen, som kunne brukast mot USA.

USAs krigserklæring mot Irak kom utan støtte frå FN og Tryggingsrådet. Sjølv om Saddam Hussein hadde brukt kjemiske våpen mot kurdarar på 1980-talet, blei det etter invasjonen ikkje funne bevis for at Irak hadde utvikla nye masseøydeleggingsvåpen. Det har i ettertid heller ikkje blitt påvist noko direkte samband mellom Irak og al-Qaida.

Den USA-leidde invasjonen av Irak i 2003 har vore kontroversiell og blir av mange sett på som eit feiltrinn i krigen mot terror. Diktatoren Saddam Hussein blei fjerna av USA, men i kaoset som oppstod etterpå, kunne ytterleggåande terrorgrupper som al-Qaida få større spelerom. Som ein reaksjon på invasjonen av Irak vaks også terrorgruppa Den islamske staten (IS), også kjent som Isis eller Isil, fram i Irak og Syria.

Ei lita folkemengde ser på at ein statue blir riven ned frå sokkelen.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arven etter 11. september 2001

Terrorangrepet på USA 11. september 2001 påverka internasjonal politikk og kan bli sett på som eit historisk vendepunkt. Den spede optimismen etter den kalde krigen blei erstatta av terror, frykt og nye konfliktlinjer.

Menneskelege lidingar

Sjølve terrorangrepet 11. september 2001 førte til at nesten 3000 menneske mista livet. Det er anslått at krigen mot terror har ført til at minst 800 000 menneske har mista livet som ein direkte konsekvens av krigføring i Afghanistan, Irak, Syria og Jemen. Sannsynlegvis er talet endå høgare.

Økonomi

Krigane etter 11. september har også påverka verdsøkonomien. Krigføringa er ei av årsakene til at den amerikanske statsgjelda har blitt historisk høg, og ho har sannsynlegvis bidrege til at Kinas økonomiske makt har blitt større.

Tryggingstiltak

Trusselen om terror har ført til ei konstant frykt, spesielt i den vestlege verda. Det blei innført nye tryggingstiltak på flyplassar,- og mange byar har dei siste åra sett opp betongblokker som tiltak mot terror. Lovverket i fleire land har også blitt forandra slik at styresmakter og politi i større grad kan overvake eiga befolkning. Mange stader har frykt for terrorisme ført til auka diskriminering og rasisme retta mot muslimar.

Al-Qaida i dag

Al-Qaida er i dag sannsynlegvis svekt, men på ingen måte borte. Terrorgruppa er framleis operativ fleire stader i Midtausten. I Afghanistan har Taliban igjen komme til makta etter ei overraskande og rask maktovertaking i 2021.

Tenk etter

Har du tenkt på kvifor du ikkje kan ta med vatn igjennom tryggingskontrollen på flyplassar?

Har "krigen mot terror" gjort verda til ein tryggare stad?

20 år med terror – Urix forklarer

I dokumentaren under kan du sjå Urix på NRK gå igjennom og forklare krigen mot terror.

Kjelder

FN-sambandet. (2023, 13. januar). Al-Qaida. https://www.fn.no/konflikter/al-qaida

FN-sambandet. (2023, 1. mars). Den islamske staten. https://www.fn.no/konflikter/den-islamske-staten-is

Godbolt, G. (2022, 31.oktobet). Krigen mot terror. I Store norske leksikon. https://snl.no/krigen_mot_terror

Leerand, D. (2022, 4. mars) Irak-krigen. https://snl.no/irak-krigen_2003

Notaker, H. (2022, 12. april). Terrorangrepet i USA 11. september 2001. I Store norske leksikon. https://snl.no/terrorangrepet_i_usa_11.eptember_2001https://snl.no/terrorangrepet_i_usa_11.eptember_2001

Stenersen, A. (2022, 27. januar) Al-Qaida. I Store norske leksikon. https://snl.no/al-qaida

Stormoen, O. M. (2022, 4. januar). Internasjonal politikk og arven etter 11. september. I NUPI skule. https://www.nupi.no/skole/hhd-artikler/2021/internasjonal-politikk-og-arven-etter-11.septemberhttps://www.nupi.no/skole/hhd-artikler/2021/internasjonal-politikk-og-arven-etter-11.september

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2023

Læringsressursar

Krigar og konfliktar etter 1945