Hopp til innhald
Fagartikkel

Frå stenderforsamling til konstitusjonelt monarki

Revolusjonen i 1789 endra maktforholda dramatisk. I 1791 vart grunnlova og det konstitusjonelle monarkiet vedteke. No gjaldt slagordet: "Fridom, likskap, brorskap!"

Nasjonalforsamlinga blir etablert

Kongens økonomiske problem, uår i jordbruket, matmangel og ein opprørsk bonde- og bybefolkning kravde endringar i Frankrike.

Stenderforsamlinga kom saman i mai 1789. Etter kort tid erklærte tredjestanden og enkelte opplysningsorienterte blant adelen og dei geistlege at dei no var ei nasjonalforsamling; medlemmene skulle representere nasjonen og ikkje stendene. Kongen motsette seg dette, men var villig til å etterkomme ein del opplysningsidéar i ei ny styreform. Kongen prøvde også å stengje stenderforsamlinga med makt, men då flytta nasjonalforsamlinga til eit anna lokale og la eid på at ho: "ikkje skulle la seg oppløyse, (…) men møtest overalt der omstenda måtte krevje det, like til grunnlova er utarbeidd og styrkt på trygg grunn".

Stormen av Bastillen

Kong Ludvig den 16. slo seg likevel ikkje til ro med stoda. Frå utanlandske regiment henta han 20 000 soldatar til Versailles og Paris. Rykte om at kongen skulle oppløyse nasjonalforsamlinga, gjorde at dei revolusjonære massane i Paris storma Bastillen. Bastillen var ei gammal festning som på dette tidspunktet vart brukt til politiske fangar, men først og fremst som krutlager. Dei revolusjonære vann raskt over vaktstyrken og kunne væpne ein ny revolusjonær hær som vart lagd under nasjonalforsamlinga. Bastillens fall vart eit symbol på sigeren over eineveldet, og 14. juli vart derfor Frankrikes nasjonaldag.

Revolusjonen spreier seg til distrikta

Utover sommaren 1789 spreidde opprøret seg til landdistrikta. Rundt om i Frankrike tok fleire bønder oppmodinga og gjekk til angrep på godseigarane sine og privilegia deira. Fleire stader gjekk bøndene brutalt fram, og opprøret kom ut av kontroll. I eit forsøk på å roe opprøret til bøndene oppheva nasjonalforsamlinga "lova om føydalavgiftene" 4. august 1789. Slik vart privilegia og dei gamle rettane til adelen avskaffa.

Fridom, likskap og brorskap

Kongemakta og nasjonalforsamlinga var på kollisjonskurs i synet på kva Frankrike skulle bli. For nasjonalforsamlinga og dei som støtta revolusjonen, var slagordet "Fridom, likskap, brorskap". Den 26. august 1789 vart "Erklæringa om rettane til mennesket og borgarane" vedteke. Desse menneskerettane skulle sikre rettar for enkeltindivida. Inspirert av opplysningsfilosofien stod det skrive at "menneska blir fødde frie og held fram med å vere frie og like i rettar".

I tida frå revolusjonsutbrotet til grunnlova blir vedteken i 1791, vart nasjonalforsamlinga styrkt på kostnad av kongemakta. På grunn av aukande matmangel utover hausten 1789 tok kvinnene saka i eigne hender og marsjerte til Versailles for å tvinge kongen til å opne matlagera sine. Kvinnemarsjen bidrog til at kongemakta måtte flytte til Paris og kom under kontrollen til nasjonalforsamlinga.

Bidraget opplysningsfilosofane hadde til grunnlova var betydeleg. Voltaires krav om ytringsfridom og religionsfridom vart eit berande prinsipp. Adam Smiths kritikk av merkantilismen bana veg for næringsfridom og frihandel. Den private eigedomsretten sikra bønder og borgarar rettar over eigne eigedommar og verksemder. Ideen om samfunnskontraktar og allmennviljen vart forankra i .

Grunnlova av 1791 vart gjerne kalla "Grunnlova til borgarane og bøndene". For bøndene var eigedomsretten viktigast, for handelsborgarane var økonomisk fridom det avgjerande. For desse gruppene var målet med revolusjonen nådd med grunnlova av 1791. Men andre revolusjonære ville føre revolusjonen vidare.

Relatert innhald

Fagstoff
Republikk og terrorvelde

Ulike revolusjonære grupper ønskte å drive den franske revolusjonen vidare, men dei ulike gruppene kjempa mot kvarandre og det vart eit terrorvelde.