Ejercicios: El sistema educativo en España
Kva hugsar du om det spanske skulesystemet? Test deg sjølv!
Dra orda til riktig plass slik at setningane gir meining.
Hugsar du kva modale hjelpeverb er? Dei finst både på norsk og på spansk, og måten dei blir brukte på, er òg ganske lik. Ta ein kikk på reglane og bøyingsskjemaet for desse verba, og prøv deg på øvingane under.
Conjugar y utilizar los verbos modales
Kan du bøye og bruke modale hjelpeverb riktig no? Test deg sjølv!
Sjå ein gong til på teksten om det spanske skulesystemet, El sistema educativo en España. Gå gjennom avsnitta "Las modalidades de Bachillerato" og "El acceso a la educación universitaria" og prøv å finne alle setningar med modale hjelpeverb. Skriv dei ned på eit ark eller digitalt, og omset til norsk. Marker dei modale hjelpeverba både i dei norske og i dei spanske setningane. Når du er ferdig, kan du samanlikne med fasiten.
Hugsar du illustrasjonen som viser det spanske skulesystemet? Sjå på han ein gong til. Trykk på pilane nedst til høgre for å forstørre biletet.
Jobb saman i par og teikn ei tilsvarande oversikt for det norske skulesystemet. Bruk både dei norske omgrepa og dei tilsvarande spanske orda.
Lat som om de skal forklare det norske skulesystemet til ein spansktalande elev. Bruk gjerne ord og uttrykk frå boksen "Glosehjelp".