Hopp til innhald
Oppgåve

Tareas: El sistema educativo

Tareas sobre el tema El sistema educativo.

Tenk deg at du er utvekslingselev i Spania. Du og vertsbroren din Pedro jobbar saman om eit prosjektarbeid der de skal samanlikne Noreg og Spania, både når det gjeld skulesystemet og andre sider av kulturen. Set saman ein dialog ved å skrive dine svar til kvar av replikkane til Pedro.

  • Pedro: Yo creo que no hay muchas diferencias entre Noruega y España, en general.

  • :

  • Pedro: Sí, claro. Tenemos diferentes horarios cuando se trata de las rutinas diarias.

  • :

  • Pedro: Para mí, lo más difícil ha sido acostumbrarme a la comida noruega y a la hora de la cena.

  • :

  • Pedro: También pienso que hay algunas diferencias entre los institutos noruegos y los españoles.

  • Tú:

  • Pedro: Además, en las escuelas españolas no usamos tanto los móviles y los ordenadores como vosotros.

  • Tú:

  • Pedro: Y algunas asignaturas son diferentes en los institutos noruegos y en los españoles, ¿verdad?

  • :

  • Pedro: Sí, es verdad. Tenemos muchas diferencias, pero también similitudes.

  • Tú:

2. Un periódico mural

Jobb i grupper på tre eller fire.

Førestill dykk at de er utvekslingselevar på ein skule i Spania og har blitt bedne om å lage ei veggavis der de presenterer skulekvardagen dykkar i Noreg og samanliknar han med korleis det er i Spania. Skriv ein tekst på til saman 200–250 ord, og ha med bilete og illustrasjonar.

Dette skal avisa innehalde

  • ein kort presentasjon av dykk (namn, alder, utdanningsprogram, klasse/trinn, yndlingsfag, eventuelle fag de ikkje liker)

  • ei kort og generell forklaring / enkel presentasjon av det norske skulesystemet

  • meir spesifikk informasjon om studieførebuande utdanningsprogram på vidaregåande, altså det som svarer til spansk Bachillerato

  • informasjon om korleis ein vanleg skuledag ser ut for dykk

  • litt informasjon om prøvar, eksamen og karakterar

  • ei kort innføring i korleis norske elevar feirar når dei er ferdige med skulen ("russetid").

Slik går de fram

  1. Lag ein disposisjon der de skriv stikkord til dei ulike emna de skal fortelje om. Det er lurt å bruke mest mogleg spansk med ein gong og bruke orda og uttrykka som de har lært i dette kapittelet.

  2. Finn alle bileta og illustrasjonane de kjem til å trenge.

  3. Bli samde om arbeidsfordelinga. Skal de skrive alt saman eller fordeler de avsnitta mellom dykk? Eller kanskje det blir ei blanding? Hugs at det må vere god samanheng i teksten, så det er viktig å samarbeide godt og lese tekstane til kvarandre nøye.

  4. Etter at de er ferdige med å skrive, bruker de eit valfritt program og set saman tekst og bilete. Hugs å ha med deloverskrifter! Skriv ut alt når avisa er ferdig.
    De kan sjølvsagt òg ta eit stort ark, skrive for hand og lime på bileta.

Når de er heilt ferdige, kan de henge opp avisa dykkar i klasserommet.

CC BY-SA 4.0Skrive av Helena Eracleous Hallgren, Hilse Sonesen og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2023