Ser alumno en Venezuela
Un poco de vocabulario
Her øver du på nokre viktige gloser som du treng for å forstå det Freyvis fortel om i videoen. Gå gjennom glosesettet fleire gonger, gjerne saman med ein medelev, og les både dei spanske og dei norske glosene høgt.
Los temas en el vídeo
Videoen er delt opp i ti avsnitt. Les overskriftene til kvart avsnitt, og set dei om til norsk.
Un poco sobre mí
El sistema educativo
El uniforme escolar
Un año escolar
Las clases de doble turno
Las pruebas y notas
Los Juegos de Intercurso
Los profesores venezolanos
Tiempos difíciles
Ser alumno en Noruega
No skal du få møte Freyvis og lære litt om korleis det er å vere elev i Venezuela.
Sjå videoen ein gong utan å notere noko, og fokuser på det du forstår. Du kan gjerne slå av tekstinga for å trene lytteforståinga litt ekstra.
Sjå på videoen minst to gonger til og ta notat til kvar av dei ti deloverskriftene. Kva fortel Freyvis?
Samanlikn notata dine med notata til ein medelev og med tekstversjonen som står under videoen. Har du forstått alt?
Stemmer påstandane under? Kryss av for rett eller gale.
Svar på norsk
Svar på spørsmåla på norsk ved å skrive ned stikkord. Samanlikn med svara til ein medelev når du er ferdig.
Samanlikn det venezuelanske skulesystemet med det norske. Kva er likt, og kva er ulikt?
Kva betyr clases de doble turno? Kan du forklare uttrykket? Freyvis seier ikkje kvifor skuledagen er organisert slik, men har du ein idé kva som kan vere grunnen? Prøv gjerne å finne ut meir om dette på nett!
Kva er forskjellen på å komme for seint i Venezuela og å komme for seint i Noreg?
Freyvis fortel om ei økonomisk krise i Venezuela. Har du høyrt noko om denne krisa før? Søk på nettet for å finne ut meir!
Kvifor synest Freyvis at utdanninga i Noreg er betre enn i Venezuela?
Kva var det som overraska Freyvis då han byrja på ein skule i Noreg?
Svar på spansk
Svar på spørsmåla på spansk og med fullstendige setningar. Når du er ferdig, kan du ta ein kikk på løysingsforslaget under og samanlikne.
¿Cuántos años tiene Freyvis?
¿Dónde vive y cómo se llama su instituto?
¿Cuál es su materia favorita?
¿Qué materia no le gusta?
¿Cuándo empieza la educación obligatoria en Venezuela?
¿Cómo es el uniforme escolar?
¿Por qué no hay vacaciones de otoño ni de invierno en Venezuela?
¿Cuántos puntos necesitas para aprobar en Venezuela?
¿Quiénes son más estrictos, los profesores venezolanos o los profesores noruegos?
¿Por qué ya no hay libros gratis en las escuelas venezolanas?
Øv på gloser til temaet skule og utdanning.