Tareas: Así es ser alumno
Førestill deg at du kjem frå eit spansktalande land og er utvekslingselev i Noreg. Du blir beden om å skrive eit innlegg på heimesida til skulen din i Spania der du fortel om korleis det er å vere elev på ein norsk vidaregåande skule. I teksten skal du få fram både det som er likt, og det som er ulikt.
Skriv omkring 200–250 ord. I boksen "Skrivehjelp" finn du nyttige ord og uttrykk som du kan bruke i teksten din.
Dette skal teksten innehalde:
ein kort presentasjon av deg sjølv
noko generell informasjon om den norske skulen du går på (kvar han ligg, utdanningsprogram, storleik og så vidare)
ei skildring av ein vanleg skuledag
litt om prøvar, eksamen og karakterar
noko om skulearbeid, lekser og aktivitetar etter skulen
kva du legg spesielt merke til på ein norsk skule
ei avsluttande helsing, gjerne med ei oppmoding til elevane i heimlandet om å dra på utveksling
Jobb saman to og to.
Skulen din har ein partnarskule i Spania, og det er ikkje lenge til det kjem nokre utvekslingselevar til Noreg. Både familien din og familien til ein venn av deg skal ta imot ein elev.
Før spanjolane kjem, skal de sende dei ein kort video på rundt tre minutt. I denne videoen fortel de om dykk sjølve og om skulen for å førebu utvekslingselevane litt på besøket. Videoen speler de inn mens de går rundt og fortel om det som finst på skulen.
Dette skal videoen innehalde:
ein presentasjon av kvar av dykk
faktum om skulen
informasjon om faga dykkar og kva utdanningsprogram de går på
ei setning eller to om planane dykkar etter fullført vidaregåande
ei skildring av ein vanleg skuledag (til dømes når han startar, når han sluttar, lengda på timane, friminutt og så vidare)
ei omvising på skulen (eit vanleg klasserom, biblioteket, kantina, uteområdet og så vidare)
ei lita helsing på slutten som uttrykker at de gler dykk til besøket
Slik går de fram
Lag ein disposisjon av innhaldet i videoen. Kva skal de snakke om? Kva vil de vise? Kvar skal de filme? Kven skal fortelje om kva? Skriv òg gjerne ned overskrifter for kvar scene i videoen for å ha god struktur og oversikt.
Bruk disposisjonen til å lage eit manus. Ta ein kikk i boksen "Snakkehjelp" for å få litt hjelp med gloser og frasar.
Øv godt på manuset, heilt til de kan det utanåt. Når de står føre kameraet, skal de snakke heilt fritt.
Bruk kameraet på mobilen til å filme. Det kan vere lurt å filme kvar scene for seg og klippe dei saman seinare, men de kan sjølvsagt òg filme alt i eitt viss de vil.
Lever filmen til læraren. Eller kanskje de har lyst til å vise han fram for klassen?