Ejercicios: En un instituto en España
Er påstandane under sanne eller usanne?
Kva seier gutane i videoen? Kan du fullføre setningane slik at dei gir meining?
Setningane på korta er tekne frå videoen med Nicolás og Diego. Men no står dei på norsk. Klarer du å omsetje dei tilbake til spansk?
Jobb saman i par og gå gjennom heile settet to gonger.
Elev A les den norske setninga høgt, elev B set om til spansk.
Elev A snur kortet og les den spanske setninga på baksida høgt. Samanlikn med omsetjinga til elev B.
Hald fram slik og byt roller når de er halvveges (etter fem kort).
Øv på nokre viktige spanske bindeord.
Hugsar du at det finst nokre verb som ikkje sluttar på -o når vi bøyer dei i første person eintal (yo) presens?
Gå gjennom øvingane for å repetere seks av desse verba: tener, estar, venir, hacer, ir og ser.
Pedro går på ein vidaregåande skule i Spania. No skal du få høyre litt om skulekvardagen hans. Trur du den er veldig ulik din? Gå gjennom intervjua spørsmål for spørsmål, gjerne felles i klassen.
Les spørsmålet og set det om til norsk. Sjå så på glosene som høyrer til. Tips: Gjenta etter læraren og les både spørsmålet og dei spanske glosene høgt i kor.
Høyr på lydfilen to gonger, og skriv ned alt du forstår. Hald fram slik til du har høyrt på heile intervjuet.
Når du har høyrt på alle lydfilene, samanliknar du notata dine med notata til ein medelev. Til slutt kan de sjå på tekstversjonen saman. Har de fått med dykk alt, eller mangla det noko?
A. ¿Qué sabes de Pedro ahora?
Kva veit du om Pedro etter å ha høyrt intervjuet? Kryss av for rett svar.
B. ¿Qué dirías tú?
Kva ville du svart på spørsmåla som Pedro fekk?
Skriv ned dine eigne svar på spørsmåla frå intervjua. Lag korte, enkle setningar, men bruk gjerne ord og uttrykk frå Pedros svar.
Intervju kvarandre i par. Ein stiller spørsmåla, og den andre svarer. Du kan kikke på det du har skrive, men sjå opp når du snakkar.
Finn ein ny samarbeidspartnar og ta intervjuet på nytt. No skal du svare fritt på spørsmåla, eller svare ved hjelp av nokre stikkord.
Korleis gjekk det siste intervjuet? Vurder dei munnlege evnene dine.
Forstod du spørsmåla? Forstod du mesteparten av det medeleven fortalde om seg sjølv? Kvifor (ikkje), trur du? Prøvde du å få med deg så mykje som mogleg av det medeleven sa?
Klarte du å svare kort med eigne ord på dei fleste spørsmåla medeleven stilte deg? Kvifor (ikkje), trur du? Prøvde du å snakke fritt sjølv om du visste at du kom til å gjere ein del feil?