Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: La vida cotidiana

Levantarse, desayunar y después ir al instituto o al trabajo. Así es la vida cotidiana para muchas personas. Ahora puedes repasar palabras y frases importantes para hablar de tus rutinas, tareas y actividades de ocio en español.
Polaroidbilete av kvardagslege gjeremål, som tannpuss, mat, jogging, studiar, Netflix og klokkealarm. Bileta heng på ei korktavle. Foto.

1. Actividades diarias

Hugsar du viktige verb som du treng for å snakke om daglege rutinar? Finn rett omsetjing for dei spanske verba under.

2. ¿Qué hora es?

Kva viser klokka?

Jobb saman to og to.

  • Elev A peiker på klokkeslettet og spør: "¿Qué hora es?"

  • Elev B svarer på spansk, til dømes: "Son las ocho y diez."

  • Elev A snur kortet og les høgt det som står der. Er det likt det elev B har svart?

  • Gå til neste kort og byt rollene.

Gå gjerne gjennom heile settet to gonger.

Digitale klokkeslett

Det er mogleg å lese digitale klokkeslett slik dei står, men det brukast veldig sjeldan. Vanlegvis seier vi klokkesletta på same måte uansett om det er ei analog eller ei digital klokke. Eit døme: Vi kan seie 14:55 som las catorce horas y cincuenta y cinco minutos (fjorten femtifem), men det er vanlegare å seie las tres menos cinco (fem på tre).

Kan du setje saman klokkesletta med korleis vi seier dei?

3. ¿Cuándo?

Når du skal fortelje om rutinane dine, er det viktig å kunne ord og uttrykk om tid. Gjer gjerne oppgåvene fleire gonger, og prøv å få alt riktig.

4. Una encuesta rapidísima

Lag ei kjapp spørjeundersøking i klassen ved å stille desse fem spørsmåla til fem ulike medelevar. Noter svara du får. Du kan gjerne bruke vedlagt skjema til dette.

  1. ¿Eres una persona o ?

  2. ¿Desayunas por las mañanas?

  3. ¿Cómo vas al instituto?
    (en coche, autobús, tren, bicicleta, patinete eléctrico, o a pie)

  4. ¿Sueles llevar o comprar tu almuerzo?

  5. ¿Los fines de semana te gusta más descansar o hacer muchas actividades?

Når du er ferdig, skriv du eit kort samandrag der du oppsummer kva personen du snakka med sist, sa. Start slik: "X es una persona..." Les samandraget høgt for personen du sit saman med.

Filer

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Mis rutinas diarias