Hopp til innhald
Øving

Ejercicios: Un día en mi vida

Trabaja con ejercicios después de haber leído el texto "Un día en mi vida".

1. ¿Qué es lo correcto?

Kva er riktig? Kryss av.

2. Preguntas sobre el texto

Jobb saman to og to. Byt på å lese spørsmåla høgt og å svare på dei. Snakk spansk heile tida, og hugs å bruke fullstendige setningar. Samanlikn med løysingsforslaget under når de har svart på alle spørsmåla.

  1. ¿Qué hace Marco por la mañana?

  2. ¿Qué pasa cuando hay mucha nieve?

  3. ¿Qué hace en el recreo?

  4. ¿Quién está en casa por la tarde cuando Marco llega del instituto?

  5. ¿A qué hora se acuesta por la noche?

  6. ¿Por qué trabaja con las tareas escolares también los fines de semana?

Løysingsforslag

Løysingsforslag

  1. Por la mañana se levanta, se ducha, prepara su mochila y su almuerzo, desayuna, se cepilla los dientes y sale hacia la escuela.

  2. Cuando hay mucha nieve tiene que caminar hacia la escuela (en vez de ir en bicicleta).

  3. En el recreo almuerza en la cafetería y habla con sus amigos.

  4. No hay nadie en casa, excepto el perro de Marco, que se llama Río.

  5. Marco se acuesta alrededor de las diez y media de la noche.

  6. Trabaja con las tareas escolares los fines de semana porque quiere sacar buenas notas.

På spansk bruker vi por la mañana eller por las mañanas, por la tarde eller por las tardes og så vidare om kvarandre for det vi brukar å gjere i kvardagen.

3. Actividades diarias

Jobb saman to og to. Bruk berre éin pc. Øv på å bruke verb som fortel om daglege rutinar og aktivitetar.

  • Elev A les høgt det som står på norsk under biletet. Elev B set om frå norsk til spansk. Trykk på info-knappen for å få litt hjelp.

  • Elev A snur kortet og les fasiten høgt. Er det det same som elev B nettopp sa?

  • Hald fram med neste kort. Når de har komme til kort 6, byter de rollar.

  • Viss de har tid: Start framanfrå. No er det elev B som startar å lese på norsk, og elev A som set om.

4. ¿A qué hora...?

Hald fram med å jobbe saman to og to med glosene frå oppgåve 3. No skal de spørje kvarandre når (kva klokkeslett) de gjer aktivitetane som står på korta. Husk å tilpasse bøyinga av verbet der det trengst!

  • Elev A stiller første spørsmål, altså ¿A qué hora te despiertas? Elev B svarer til dømes Me despierto a las seis y media.

  • Elev A held fram med å stille spørsmål, og elev B held fram med å svare.

  • Når de er ferdige med alle korta, startar de på nytt. No er det elev B som stiller spørsmål, og elev A som svarer.

5. Las rutinas y los verbos reflexivos

Mange av verba som vi bruker for å snakke om daglege rutinar, er refleksive på spansk. Kan du finne riktig omsetjing for verba i oppgåva under?

6. Conjugar los verbos reflexivos

Viss du ikkje hugsar korleis vi bøyer refleksive verb på spansk, kan du ta ein kikk på bøyingsskjemaet før du byrjar på oppgåvene.

7. Expresiones de tiempo

Når du skal fortelje om daglege rutinar, treng du tidsuttrykk. Tidsuttrykk fortel når eller kor ofte ting skjer. Her repeterer du nokre av dei mest vanlege uttrykka. Gjer gjerne oppgåvene fleire gonger, og prøv å få alt riktig.

8. ¿Cuál es el orden correcto?

Setningane står i feil rekkefølge. Kan du sortere dei slik at dei blir til ein samanhengande tekst som fortel om ein vanleg dag?

Set om teksten til norsk når du er ferdig med å sortere setningane. Samanlikn med fasiten under.

Fasit

Omsetjing av teksten

Eg vaknar klokka kvart på sju. Fem minutt seinare står eg opp og går på badet. Etter å ha dusja kler eg meg og et frukost saman med foreldra mine og broren min. Klokka kvart på åtte går eg ut av huset og kjem til skulen fem på åtte. I friminutt/storefri et eg lunsjen min og snakkar med vennene mine. Undervisninga/timane er ferdig klokka tre på ettermiddagen. Etter timane/undervisninga dreg eg heim, går tur med hunden min og gjer leksene mine. Familien min og eg et middag mellom klokka fem og seks på ettermiddagen. På kvelden, før eg søv, liker eg å sjå ein eller to episodar av favorittserien min.

CC BY-SA 4.0Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2023