Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Mis rutinas diarias

Trabaja con tareas escritas y orales sobre el tema Mis rutinas diarias.
Polaroidbilete av kvardagslege gjeremål, som tannpuss, mat, jogging, studiar, Netflix og klokkealarm. Bileta heng på ei korktavle. Foto.

1. Un día normal

Korleis ser ein vanleg dag i livet ditt ut? Skriv ein tekst som fortel om det du vanlegvis gjer i løpet av ein dag. Til slutt skal du lese inn teksten din.

  1. Vi byrjar med litt forarbeid: Nedanfor ser du ein tekst om kvardagsrutinane til Marisol. Teksten manglar nokre ord. Kan du dra orda på riktig plass for å fullføre setningane?

  2. Når du har fullført teksten, les du gjennom han ein gong. Forstår du alt? Slå opp ord du ikkje forstår.

  3. Skriv no ein tekst om dine eigne daglege rutinar. La deg inspirere av teksten om Marisol, men pass på at du ikkje plagierer.

  4. No er det på tide å øve på uttale og intonasjon. Les teksten din høgt fleire gonger, og fokuser på å ha god flyt.

  5. Les inn teksten din, og lever lydfila til læraren.

2. ¡Completa el diálogo!

Det er tidleg på morgon. Carmen kjem inn på kjøkkenet, der faren hennar sit og et frukost. Fullfør dialogen mellom far og dotter ved å skrive replikkane til Carmen. Bruk gjerne nokre av glosene i boksen "Glosehjelp".

Tips: Les gjennom det faren seier, før du tek til å skrive. Det er viktig at du forstår alt, slik at du lagar replikkar som passar godt inn.

  • Padre: Buenos días, cariño. ¿Qué tal? ¿Has dormido bien?

  • Carmen:

  • Padre: Bueno, ¿por qué no te acuestas más temprano?

  • Carmen:

  • Padre: ¡Vaya! ¡Tienes muchas cosas que hacer ahora!

  • Carmen:

  • Padre: ¡Buena idea! Claro que te ayudo.

  • Carmen:

  • Padre: Sí, es importante descansar también.

  • Carmen:

  • Padre: No tenemos planes para el fin de semana. ¿Qué te gustaría hacer?

  • Carmen:

  • Padre: ¡Estupendo! Nos levantamos tarde, desayunamos y salimos alrededor de las once. ¿Qué te parece?

  • Carmen:

  • Padre: De acuerdo. Pero, ¿no tienes que irte ya? Son las ocho menos cuarto. Yo también me voy al trabajo.

  • Carmen:

  • Padre: Vale, nos vemos por la tarde. ¡Hasta luego!

3. Un día perfecto

Korleis ville dagen din sett ut om du kunne bestemme heilt sjølv? Lag ein presentasjon med lydopptak der du fortel om ein perfekt dag i livet ditt. Fortel om alt du gjer, og kvifor du gjer det.

Slik går du fram

  • Start med eit tankekart eller ei anna form for idémyldring for å finne ut kva du skal fortelje om. Du kan skrive ned idéane dine på norsk, men det er ein fordel viss du allereie no prøver å bruke mest mogleg spansk.

  • Strukturer og sorter stikkorda dine. Få dei i ei kronologisk rekkefølge (frå morgon til kveld/natt). Finn dei spanske orda og uttrykka du treng. Hugs å ha med klokkeslett og andre tidsuttrykk for å presisere når du gjer kva.

  • Finn bilete som passar til stikkorda dine, og sorter dei i den same rekkefølga. Bruk eit valfritt program der du legg inn bileta. Det bør vere eit program som òg gir deg mogelegheit til å ta opp lyd til bileta.

  • Utdjup stikkorda du har til kvart bilete, slik at du fortel meir detaljert om kva du gjer på denne dagen, og kvifor. Unngå å skrive fullstendige setningar. Når du tek opp, skal du prøve å snakke mest mogleg fritt.

  • Øv godt på alt du skal fortelje om. Si nokre setningar som passar til kvart av bileta. Glosene og setningstartarane i boksen "Snakkehjelp" hjelper deg.

  • Når du føler deg trygg på det du skal fortelje, tek du opp lyden og leverer fila til læraren din.

Tips: I staden for å ta opp lyd kan du lage ein presentasjon eller plakat og framføre for medelevane dine.

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2023

Læringsressursar

Mis rutinas diarias