Øving
Introducción: La historia de España
Hay varias maneras de aprender sobre la historia. El arte, la arquitectura y los idiomas nos pueden enseñar mucho sobre el pasado.
Sjå på bileta og diskuter:
Kva ser de på biletet?
Kva hundreår trur de biletet er frå?
Har de sett dette biletet eller liknande bilete før?
Kva trur de biletet viser?
Gjer oppgåvene om epokar i Spanias historie.
Veit de litt meir om desse epokane eller om andre historiske hendingar i Spania? Ta ein felles gjennomgang i klassen til slutt.
Når vi snakkar om historie, må vi ofte nemne årstal og tidsepokar. Hugsar du korleis vi seier årstal på spansk? Jobb saman to og to. Ein av dykk les det som står på kortet, høgt, og den andre prøver å setje om årstalet til norsk.