Tareas: La historia de España
I biletkarusellen er det fem kunstverk. Kvart kunstverk representerer ein av dei fem epokane som du har lese og høyrt om.
Vel eit av bileta. Les om det i boksen "Información sobre las pinturas".
Skriv ein tekst om biletet basert på det du har lært om epoken. Hugs at du kan bruke (historisk) presens eller preteritum når du fortel om hendingar i fortid.
Fortel kort om den historiske epoken og knyt han til hendinga på biletet. Bruk sida om Spanias historie for å repetere faktum og gloser.
Beskriv kva du ser på biletet.
Fortel kva du sjølv synest om biletet.
Lag ein video eller ein biletpresentasjon der du fortel om ei historisk hending eller ein historisk person frå din eigen heimstad. Hugs at du kan velje mellom (historisk) presens og preteritum når du fortel om hendingar i fortid.
Presenter heimstaden din. Få med faktum, som til dømes når staden vart grunnlagd, kor mange innbyggarar han har, eller kva han er mest kjend for.
Film eller ta bilete av stader, statuar, bystar, måleri eller liknande for å vise fram hendinga eller personen.
Fortel om den historiske staden eller den historiske personen.