Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: América Latina

¿Qué sabes sobre los países hispanohablantes de América Latina? Aquí puedes repetir y aprender algunos datos y hechos sobre ellos.

1. ¿Qué sabes ya?

Kva veit du om dei spansktalande landa i Latin-Amerika? Jobb saman med ein medelev.

  1. Noter så mange av dei spansktalande landa som de klarer.

  2. Kan de litt meir om desse landa, til dømes kva hovudstaden heiter, eller kvar på kontinentet landa er? Skriv ned alt de kjem på, og del med klassen etterpå.

  3. Kor mange av dei 19 spansktalande landa i Latin-Amerika klarer de å plassere på kartet?

Alternativ til oppgåve C

Sorter landa etter kvar dei ligg: i Nord-Amerika, Mellom-Amerika, Karibia eller Sør-Amerika.

Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Costa Rica, Cuba, Ecuador, El Salvador, Guatemala, Honduras, México, Nicaragua, Panamá, Paraguay, Perú, Puerto Rico, República Dominicana, Uruguay, Venezuela.

2. Los países hispanohablantes de América Latina

Gå gjennom presentasjonen felles i klassen eller jobb saman to og to.

  • Beskriv flagget.

  • Svar på spørsmåla:

    • ¿Cómo se llama la capital?

    • ¿Dónde está situado?

    • ¿Con qué países o mares/océanos limita?

    • ¿Cuántos habitantes tiene?

    • ¿Cómo se llama la moneda?

  • Set om til norsk det som står etter Dato curioso.

3. Adivina el país

Jobb saman to og to eller i små grupper. Kvar av dykk trekker/vel eit land og bruker faktaopplysningane frå presentasjonen for å beskrive det. Dei andre skal gjette kva land du fortel om. Snakk på spansk. Tips: Start med noko vanskeleg, til dømes talet på innbyggarar, for å gjere det litt vanskeleg for dei andre å gjette.

Start til dømes slik: Mi país tiene 5,5 millones de habitantes, está en...

4. ¿Te acuerdas?

Kva hugsar du frå presentasjonane om dei spansktalande landa i Latin-Amerika? Test deg sjølv!

5. ¿Cómo se llama la gente de...?

Veit du kva personane frå dei ulike landa heiter på spansk?

CC BY-SASkrive av Belú Smith-Meyer og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2024

Læringsressursar

Tres países hispanohablantes