Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Tres países hispanohablantes

¿Te gusta viajar? Elije una de las tareas y habla o escribe sobre algunos destinos populares en países hispanohablantes de América Latina.

1. ¡Gana un viaje!

Du jobbar i eit turistbyrå som skal arrangere ein konkurranse. Premien er ei reise til eit spansktalande land i Latin-Amerika. Oppgåva di er å publisere ein tekst om kampanjen på sosiale medium. Vel alternativ A eller B. Alternativ B er litt meir omfattande enn A.

Tips: Bruk nokre av tekstane i leksjonen om Latin-Amerika som inspirasjon.

Opción A

Teksten må innehalde

  • ei innleiing med informasjon om premien

  • reglane for konkurransen

  • tre til fem spørsmål til deltakarane

  • ei oppmoding om å delta i konkurransen

Opción B

Teksten må innehalde

  • ei innleiing med informasjon om premien

  • informasjon om landet

  • kva som er inkludert i premien

  • reglane for konkurransen

  • tre til fem spørsmål til deltakarane

  • ei oppmoding om å delta i konkurransen

2. Destinos turísticos

Ein oase. Tre og bygningar rundt ein liten innsjø i ein sandørken. Foto.

Vel eitt eller to reisemål i Latin-Amerika som du synest verkar interessante. Skriv ein tekst på mellom 150 og 250 ord, og ta med punkta under.

  • ¿Dónde está el lugar? Kvar er staden?

  • ¿Qué tipo de lugar es? Descríbelo. Kva slags stad er det? Beskriv han.

  • ¿Qué se puede hacer ahí? Kva kan ein gjere der?

  • ¿Por qué tienes ganas de visitar este destino? Kvifor har du lyst til å besøke dette reisemålet?

3. ¿Te gustaría viajar a... ?

Lag ein munnleg presentasjon om eit spansktalande land i Latin-Amerika. Prøv å overtyde publikummet ditt om å velje dette landa på si neste reise. Målet med presentasjonen: å vekke reiselyst!

Punkter du bør ha med i presentasjonen:

  • ein kort introduksjon

  • bilete og informasjon om kva ein kan gjere i landet

  • noko som vekker interesse (ein fun fact, eit spørsmål ...)

  • ei avslutning der du oppmodar publikum til å reise dit

CC BY-SASkrive av Belú Smith-Meyer og Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2024

Læringsressursar

Tres países hispanohablantes