Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Refugiados en el mundo

Aquí puedes elegir trabajar con una de estas tres tareas relacionadas con el tema Refugiados en el mundo.

1. La huida

A. Planear

Jobb i grupper. Noreg har blitt eit diktatur, og det er verken ytringsfridom eller reisefridom lenger. Det finst berre eitt parti, ein diktator har all makt, og alle grensene er strengt vakta. De er ein famile som ikkje orkar livet her lenger, og de har bestemt dykk for å flykte. Diskuter og bli einige.

  • Korleis flyktar de? Diskuter to til tre ulike idéar. Bestem dykk for kva idé de vil gå vidare med.

  • Kvar skal de flykte? Kvifor til akkurat dette landet?

  • Kven gjer kva?

Lag ein plan og visualiser han på ei tavle eller ein plakat, med spansk tekst, bilete, teikningar, klistrelappar, piler og så vidare. Kva må til for at flukta skal lykkast?

B. Presentar

De skal snart flykte frå Noreg, og i hemmelegheit møter de ein annan familie som òg vil flykte. De vil hjelpe kvarandre og dele gode råd. Vis fram planen de har laga i oppgåve A, og fortel om fluktplanen dykkar. Bruk snakkehjelpa i boksen "Vocabulario para hablar".

Still kvarandre spørsmål, til dømes:

  • ¿Por qué queréis huir? Kvifor vil de flykte?

  • ¿Por qué sería demasiado peligroso quedarse? Kvifor ville det vore for farleg å bli?

  • ¿Cómo vais a huir? Korleis vil de flykte?

  • ¿Por qué queréis ir justo a este país? Kvifor vil de dra til akkurat dette landet?

  • ¿Vais a huir con alguien? Flyktar de saman med nokon?

  • ¿Qué vais a echar de menos de Noruega? Kva i Noreg kjem de til å sakne?

  • ¿A qué tenéis miedo? Kva fryktar de?

  • ¿Cuál es vuestro mayor deseo? Kva er det høgste ønsket dykkar?

2. Querido X

Tenk deg å måtte forlate alt du har kjært, heimen din, vennene dine, familien din, og så måtte halde fram livet ditt i eit anna land, der du ikkje kjenner nokon og kanskje ikkje forstår språket.

  1. Skriv eit avskjedsbrev i fem avsnitt til nokon du er glad i. Bruk skrivehjelpa i boksen "Vocabulario para escribir". Skriv gjerne for hand, sidan det er mest naturleg her.

  2. Byt tekst med ein medelev. Førestill deg at du finn avskjedsbrevet hen har skrive. Etter å ha lese det sit du igjen med fleire spørsmål som du gjerne skulle hatt svar på. Skriv ei melding til den som har skrive brevet. Meldinga skal innehalde minst tre spørsmål.

3. El libro de los sueños

El libro de los sueños, Drømmeboka, er ei samling av historier fortalde av syriske barn og unge som lever i eksil. Historiene er autentiske, og det er UNICEF som står bak boka. Du finn El libro de los sueños på nettsidene til EU.

Ein todimensjonal utklippsfigur av ein person som les ei bok. Figuren sit på kanten av ei ope bok. I bakgrunnen er det uskarpe lyspunkt i ulike fargar. Illustrasjon.
  1. Vel éi av historiene i boka. Les ho, og svar på spørsmåla:

    • ¿Quién ha escrito la historia y de qué trata? Kven har skriv historia, og kva handlar ho om?

    • ¿Cuál es el sueño del narrador / de la narradora y su deseo para el futuro? Kva er draumen eller ønsket forteljaren har for framtida?

    • Mira las fotografías que acompañan a la historia. Describe lo que ves. Sjå på bileta som høyrer til historia. Beskriv det du ser.

  2. Skriv eit brev til personen som har delt historia si i boka. Bruk skrivehjelpa i boksen "Vocabulario para escribir".

    • Presenter deg sjølv, og si kva du synest om historia.

    • Det er nokre år sidan historia vart skriven. Spør korleis det går med personen no, og still gjerne fleire spørsmål.

    • Kva er draumen din, og kva ønsker du deg sjølv for framtida?

Fuentes

European Commission. Directorate-General for Neighbourhood and Enlargement Negotiations. (2019). The book of dreams. Publications Office. https://data.europa.eu/doi/10.2876/425866

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2024

Læringsressursar

Refugiados en el mundo