Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ejercicios: Arte urbano en Madrid

Trabaja ahora con ejercicios relacionados con el vídeo Arte urbano en Madrid.
Bygning der ein heil vegg på bakkeplan er dekt av eit stort veggmåleri. Måleriet viser tre ulike portrett av same mann. Han er iført hettegenser. På det første portrettet held han ein knyttneve framfor hjartet, på det andre ein peikefinger ved panna, på det tredje er hendene folda i bønn. Fargar i sepiatonar. Foto.

1. ¿Qué recuerdas?

Kva hugsar du frå videoen om gatekunst i Madrid? Test deg sjølv!

2. Vocabulario

Pugg glosene frå videoen! Start med "Dra tekst", og byt så til "Fyll in". Skriv glosene på spansk.

3. Habla del arte urbano

Snakk om gatekunst i Madrid. Jobb saman to og to. Gjer oppgåva to gonger, først med tips, så utan.

  • Elev A les den norske setninga høgt, elev B set om til spansk.

  • Snu kortet. Elev B les fasiten høgt.

  • Hald fram med neste kort og byt roller.

4. Expresiones de lugar

Øv på preposisjonar og uttrykk for å seie kvar noko er. Dei er veldig nyttige å kunne når du skal beskrive bilete.

5. Algunas obras de las calles de Madrid

I biletkarusellen kan du sjå fleire gatekunstverk i Madrid. Ta ein titt på alle bileta før du går vidare til oppgåva.

A. Describe una de las obras

Vel eitt av kunstverka i biletkarusellen. Fortel om det på spansk ved å skrive korte svar til kvart av spørsmåla.

  • ¿Qué ves? Describe los colores, las formas, la colocación de los distintos elementos, etc. Kva ser du? Beskriv fargar, former, plassering av dei ulike elementa og så vidare.

  • ¿Hay algún mensaje aquí? ¿Cuál crees que es? Er det ein bodskap her? Kva trur du det er?

  • ¿Te gusta esta obra? ¿Por qué sí? / ¿Por qué no? Liker du dette kunstverket? Kvifor eller kvifor ikkje?

Når du er ferdig, kan du lese beskrivinga du laga av biletet, høgt for ein medelev. Klarer hen å gjette kva for eit av bileta du snakkar om?

B. Resumir

Ta ein felles gjennomgang i klassen. Ta ein felles gjennomgang i klassen. Sjå på bileta saman, beskriv dei, og snakk om bodskapen i kunstverka.

6. Explora más

Mange gatekunstnarar viser fram kunsten sin på sosiale medium. Vel ein eller to av kunstnarane i boksen "Algunos artistas de arte urbano" og søk dei opp.

Algunos artistas de arte urbano

  • Okuda

  • Lula Goce

  • Tètoûx

  • Miek

  • Ampparito

  • Sjå på bileta, og vel ut eit kunstverk du liker spesielt godt.

  • Skriv ein kommentar på spansk til biletet du har valt. Tør du å publisere kommentaren din?

CC BY-SASkrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2024

Læringsressursar

Arte urbano