Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tareas: Arte urbano

Explora el arte urbano en tu barrio o en internet, ¡o crea tu propia obra de arte! Elige una de las tareas.

1. Explora el arte urbano

Dra på byvandring og utforsk gatekunst! Viss du ikkje bur i ein by, kan du søke opp gatekunst på sosiale medium eller prøve Google Street View.

Finn nokre kunstverk du liker, ta bilete av dei, eller last ned / ta ein skjermdump. Lag eit album på mobilen eller opprett ei mappe på pc-en, og gi det namnet Arte urbano.

Vel eit av kunstverka, og skriv ein samanhengande tekst der du svarer på desse spørsmåla:

  • ¿Dónde está la obra? Kvar er kunstverket?

  • ¿Qué sabes de esta obra? Kva veit du om dette biletet?

    • ¿Cómo se llama? Kva heiter det?

    • ¿Cómo se llama el artista? Kva heiter kunstnaren?

    • ¿De cuándo es? Når er det frå?

  • ¿Qué ves? ¡Descríbelo! Kva ser du? Beskriv det!

  • ¿Qué te gusta de la obra y por qué? Kva liker du med verket, og kvifor?

  • ¿Tiene algún mensaje? ¿Te parece un mensaje importante? Justifica tu respuesta. Har det ein bodskap? Synest du det er ein viktig bodskap? Grunngi svaret ditt.

2. Una obra de arte

A. Crea tu propia obra de arte

Lag ditt eige kunstverk inspirert av gatekunst! Gatekunstnarar bruker gjerne sjablongar, spraymåling og klistremerke. Finn fram eit stort ark, ei papplate eller liknande og det du har tilgjengeleg av tusjar, måling og fargeblyantar. Du kan òg klippe ut bitar frå aviser og magasin og lage ein kollasj.

Bruk gjerne videoen om gatekunst i Madrid, bileta i introduksjonen og på øvingssida, nærmiljøet ditt eller sosiale medium som inspirasjon.

  • Bestem deg for ein bodskap du ønsker å få fram.

  • Korleis vil du formidle bodskapen din? Kva skal vere med på biletet?

  • Ha med eit sitat, eit slagord eller ein tekst på spansk for å få fram bodskapen din tydeleg.

  • Signer med eit kunstnarnamn eller eit .

  • Gi kunstverket ein passande tittel.

B. Una exposición de arte

Vis fram og fortel om kunsten din!

  • Saml alle kunstverka i klassen, og lag ei kunstutstilling. De kan henge opp bileta med litt avstand mellom seg, eller legge dei på pultane i ein hestesko.

  • Guide publikum gjennom utstillinga. Fortel om biletet ditt på spansk:

    • ¿Cómo se llama la obra? Kva heiter kunstverket?

    • ¿Cuál es tu nombre de artista y por qué has elegido este nombre? Kva er kunstnarnamnet ditt, og kvifor du har valt dette namnet?

    • ¿Qué métodos y colores has utilizado? Kva metodar og fargar har du brukt?

    • ¿Qué te ha inspirado en el proceso? Kva har inspirert deg i prosessen?

    • ¿Qué mensaje quieres transmitir con tu arte? Kva bodskap du vil formidle med kunsten din?

  • Opne til slutt for spørsmål fra publikum.

CC BY-SASkrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2024

Læringsressursar

Arte urbano