Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: Arte en las calles

El arte urbano, en inglés street art, es el arte que se da en los espacios públicos. A veces los artistas solamente quieren embellecer las calles, otras veces quieren comunicar mensajes políticos o sociales. ¿Qué opinas tú sobre el arte urbano?
Hushjørne pynta med eit stort kunstverk. Den eine veggen viser halve ansiktet til ein ape måla i sterke fargar med kubiske mønster, den andre veggen viser den andre halvdelen av ansiktet laga med materiale av rustent metall. Foto.

1. ¿Qué es el arte urbano?

Kva er gatekunst? Set om det som står i faktaboksen, til norsk.

El arte urbano

  • El arte urbano o street art se caracteriza por piezas de arte en los espacios públicos.

  • Los artistas suelen firmar sus obras con un nombre artístico.

  • Hay obras legales e ilegales.

  • El arte urbano muchas veces son murales con grafitis, plantillas y/o pegatinas.

  • Las obras suelen tener un mensaje.

2. Algunas palabras útiles

Øv på nokre spanske ord du kan få bruk for når du jobbar med temaet gatekunst! Start med "Dra tekst", byt deretter språk og vel "Fyll inn".

3. Habla sobre el arte urbano

Jobb saman i par og svar på spørsmåla på spansk. Del med klassen etterpå.

  • ¿Qué clase de artes visuales prefieres? (la pintura, el dibujo, la escultura, la fotografía, el arte digital, el grafiti) Kva slags biletkunst føretrekker du? (målarkunst, teiknekunst, skulptur, fotografi, digital kunst, graffiti)

  • ¿Tienes algún artista favorito? Har du ein favorittkunstnar?

  • ¿Qué piensas sobre el arte urbano? ¿Es arte o vandalismo? Kva tenker du om gatekunst? Er det kunst eller hærverk?

4. Una obra de Banksy

Den anonyme britiske kunstnaren Banksy er verdskjend for gatekunsten sin. Verka hans har ofte ein sosialt og samfunnskritisk bodskap. Biletet under er frå Betlehem og har tittelen The Flower Thrower.

Snakk om biletet saman i par eller i klassen.

  • Describe la obra. ¿Qué veis? Beskriv kunstverket. Kva ser de?

  • ¿Qué creéis que Banksy quiere expresar con este mural? Kva tror de Banksy vil uttrykke med dette veggmåleriet?

Ein ung mann med caps bak fram på hovudet og tørkle over nedste del av ansiktet lener seg bakover og tek sats for å kaste ein blomsterbukett. Foto.

Aprende más

I faget produktutvikling og skapande prosessar på NDLA kan du lære meir om gatekunst og den anonyme kunstnaren.

CC BY-SASkrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2024

Læringsressursar

Arte urbano