Jobb med ord og uttrykk du kjem til å møte i leksjonen om pilegrimsreiser.
El Camino de Santiago i Spania og Sankt Olavsvegane i Noreg (blir òg kalla Pilegrimsleden) er to kjende pilegrimsvegar. Finn nokre bilete og litt faktainformasjon om desse vegane. Noter nokre punkt, og del funna dine med klassen.
Kva trur du er grunnen til at nokon dreg på pilegrimsreise, og kva tenker ein eigentleg på mens ein går? Snakk med ein medelev i eit minutt.
No møter du fire pilegrimar som går den populære Camino de Santiago. Kva seier dei er grunnen til at dei går på pilegrimsreise? Og kva tenker dei på mens dei går?
Traducción de las entrevistas
Norsk omsetjing av intervjua
Kvifor går du Camino de Santiago?
Jennifer og Thiago: Vi bestemde oss for å gjennomføre pilegrimsvegen til Santiago for å oppleve innlandet i Spania, for å sjå Nord-Spania frå den eine til den andre enden. Vi hadde lyst til å ikkje berre besøke dei store byane, men å bli kjende med noko anna, meir av landsbygda og kulturen. Det er òg ein ny måte å teste og utfordre oss sjølve på, med ei utfordring på sykkel mens vi syklar desse 800 kilometerane. Og på den måten bli litt betre kjende med oss sjølve på denne reisa.
Michelle: Eg går pilegrimsvegen til Santiago for den personlege utviklinga mi, for å vekse som menneske og lære meir om meg sjølv.
Dubravko: Eg går pilegrimsvegen til Santiago fordi eg ville ha tid berre for meg sjølv, ein månad.
Marino: Fordi det er noko eg har hatt lyst til å gjere i årevis, men aldri hatt tid til. No er eg pensjonert.
Er det første gong du går ein pilegrimsveg?
Jennifer og Thiago: Ja, i dette omfanget er det første gong.
Michelle: Det er første gong eg er på pilegrimsreise, ja.
Dubravko: Det er definitiv første gong. Eg har aldri gjort noko sånt før.
Marino: Nei, eg har allereie gjennomført fem andre Santiago-vandringar, men då starta nærare målet.
Går du åleine eller saman med nokon?
Jennifer og Thiago: Oss to, på kvar vår leigesykkel. Vi leigde dei i Saint-Jean-Pied-de-Port, og derifrå var det 328 kilometer til Burgos.
Michelle: Eg går åleine, men her møter du så mange menneske at du aldri kjenner deg einsam.
Dubravko: Eg går heilt åleine. Kona ville bli med, men eg har lese i bøkene at det er betre at ein går åleine.
Marino: Åleine, alltid åleine.
Kva tenker du på mens du går?
Jennifer og Thiago: Å vere i direkte kontakt med naturen gjer at ein får ei sterk kjensle av fridom og av tryggleik. Så vi koser oss. Det gleder oss å oppleve denne fridommen på ein så djup måte.
Michelle: Oi, eg tenker på mange ting frå fortida mi, på ting eg må omarbeide og gi slepp på.
Dubravko: Kva eg tenker på mens eg går ... På alt mogleg. Kvifor sola skin no på denne måten, kvifor bakken ... Private ting, jobbrelatert, kva som kjem, kva som var, altså alt. Men det er ikkje sånn at du går [og tenker på] eit tema i ein time, men verkeleg ti minutt, neste tema ti minutt, så fem minutt, kanskje. Så det er ikkje sånn at du berre er oppteken med eit einaste tema heile dagen. Kanskje det kjem, men så langt er det ikkje sånn.
Marino: Eg tenker på hendingane i livet, på problema til menneske, på familiemedlemmar heime og på mange ting.