Hopp til innhald
Øving

Ejercicios: Una forma diferente de viajar

Ahora tienes la oportunidad de aprender más sobre algunos caminos de peregrinación en España, y de describir lo que tú y otras personas estáis haciendo.

1. ¿Verdadero o falso?

Er påstandane rette eller feil?

2. Traduce

Jobb saman to og to. Elev A les den spanske setninga høgt, og elev B set om til norsk. A snur kortet og les fasiten høgt. Byt roller halvveges (etter seks kort).

Klar for ei utfordring? Gå bakover frå det siste kortet og set om dei norske setningane tilbake til spansk! Snu korta og les fasiten høgt.

3. El gerundio

For å uttrykke på spansk at noko skjer akkurat no, bruker vi verbet estar og gerundiumforma av hovudverbet.

  • ¿Qué estás haciendo? Kva gjer du? / Kva held du på med?

  • Estoy trabajando. Eg jobbar (akkurat no).

På norsk har vi ikkje gerundium, men du kjenner forma frå engelsk.

  • What are you doing?

  • I am working.

Er du usikker på korleis du lagar gerundiumforma? Les gjennom "Reglar for gerundium" før du gjer oppgåvene.

A. Practica el gerundio

Øv på gerundium med estar.

B. Describe las imágenes

Snakk saman i par og bruk gerundium for å beskrive kva personane på bileta gjer. Byt på kven som spør og svarer.

  • ¿Qué está/están haciendo la/las persona/s de la fotografía? Kva gjer personen/personane på bilete?

  • La persona está durmiendo. Personen søv.

4. Juegos de mímica

No er det på tide å leike litt! Som ei førebuing til dei to mimeleikane bør de gå gjennom verba i boksen. De kan òg lage eit tankekart over ulike kvardagsaktivitetar på tavla.

A. Adivina qué verbo es

  • Del klassen i fire eller seks grupper. (Leiken kan òg gjerast i par.) Kvar gruppe får fem lappar og skriv namna på fem ulike daglege gjeremål, eit gjeremål per lapp. Brett lappane.

  • To grupper går saman og konkurrerer mot kvarandre. Ein elev i gruppe A trekker ein lapp frå gruppe B og mimar aktiviteten som står på lappen. Dei andre elevane i gruppe A gjettar no på spansk: ¿Estás bailando?

  • Klarer gruppe A å gjette rett aktivitet innan maks. 30 sekund, får gruppa lappen og dermed eit poeng. Lappen er då ikkje lenger med i spelet. Klarer ikkje gruppe A å finne rett svar innan tida er ute, er det gruppe B som beheld lappen og får poenget.

  • Deretter er det ein elev frå gruppe B som trekker ein av lappane til gruppe A og mimar for gruppa si, og slik held de fram.

  • Leiken held fram til alle lappane er brukt opp. Kva gruppe får flest poeng?

B. Hablar

Leiken går ut på å mime ein aktivitet samtidig som ein seier at ein gjer noko anna. Dette er multitasking og krev konsentrasjon! Det tek gjerne ein runde eller to før ein kjem inn i leiken, men så er de i gang.

  • Stå saman to og to. A mimar ein aktivitet, til dømes at hen joggar. B spør: ¿Qué estás haciendo? A må seie noko anna enn det hen faktisk gjer, til dømes: Estoy comiendo.

  • No er det B sin tur (men A held fram med å late som hen joggar). B mimar no det A nettopp har sagt (et). A spør: ¿Qué estás haciendo? B seier noko anna enn det hen faktisk gjer, til dømes: Estoy bailando.

  • A mimar at hen dansar, og så vidare. Etter ei stund byter elevane partnar.

Tips: Leiken blir lettare dersom ein kan kikke på verba i boksen. Men det viktigaste er å anstrenge seg og ha god augnekontakt med partnaren! Leiken blir vanskelegare og morosamare (!) dersom ein må auke tempoet for kvart partnarbyte.

Algunos verbos y actividades diarias

bailar
å danse
beber
å drikke
comer
å ete
correr
å springe
dormir
å sove
entrenar
å trene
escribir
å skrive
escuchar música
å høyre på musikk
jugar al fútbol/balonmano/baloncesto/tenis
å spele fotball/handball/basketball/tennis
jugar a videojuegos
å spele videospel
leer
å lese
nadar
å symje
sacar una foto / fotografiar
å ta eit bilete
tocar la guitarra / la flauta / el violín/...
å spele gitar/fløyte/fiolin/...
vestir(se)
å kle på (seg)

5. Descubre más

Det finst mange pilegrimsvegar i Spania. Vel ein pilegrimsveg (sjå forslag), finn informasjon og bilete, og svar på spørsmåla. Del funna dine med klassen eller med ein medelev.

Algunos caminos de peregrinación

  • La Ruta Teresiana (Castilla y León, en el oeste de España)

  • El Camino del Norte, una de las rutas del Camino de Santiago (País Vasco, Cantabria, Asturias y Galicia, en el norte de España)

  • El Camino Real de Guadalupe (Madrid, Castilla-La Mancha, Extremadura, en centro y el oeste de España)

  • El Camino Ignaciano (Cataluña, Navarra, La Rioja y País Vasco, en el norte y noreste de España)

  1. ¿Cuántos kilómetros tiene la ruta? Kor mange kilometer er vegen?

  2. ¿Dónde empieza la ruta? Kvar startar vegen?

  3. ¿Dónde termina la ruta? Kvar sluttar vegen?

  4. ¿Por qué es este lugar un lugar sagrado/especial? Kvifor er denne staden ein heilag/spesiell stad?

  5. ¿En cuántas etapas está dividido el camino / la ruta? Kor mange etappar er vegen/ruta delt opp i?

CC BY-SA 4.0Skrive av Maria Munoz Borrachero og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2024