En la recepción del hotel
To turistar skal ta inn på eit hotell i Spania.
Sjå videoen og prøv å få med dykk så mykje som mogleg av det som blir sagt.
Snakk med ein medelev på norsk: Kva forstod de?
Les transkripsjonen under videoen. Legg merke til kva ord og uttrykk som blir brukt. Bruk gjerne ei ordbok for å slå opp ord de ikkje forstår.
Set om dialogen munnleg i par eller i grupper på tre.
Sjå videoen ein gong til. Forstår de alt no? Spør viss det er noko som framleis er uklart.
Jobb i par med å setje om setningane på dialogkorta til norsk. Når de er ferdige, kan de gå bakover frå det siste kortet og setje om setningane frå norsk til spansk. Øv gjerne fleire gonger!
Gå i grupper på tre, fire eller fem, og lag eit rollespel frå resepsjonen på eit hotell. Gjestene kjem til hotellet og spør resepsjonisten om dei har eit ledig rom.
Vel roller frå lista, eller finn på eigne roller.
el/la recepcionista
una pareja que lleva su perro
una familia con dos adultos y dos niños
tres amigas/amigos
Bruk ti minutt på individuell førebuing. Sjå gjennom glosene i boksen "Vocabulario para hablar", og sjå på transkripsjonen av videoen. Kva ord og uttrykk kan du bruke i rolla di? Kva kan du spørje dei andre om? Kva trur du dei kjem til å spørje deg om? Korleis kan du svare?
Spel situasjonen! Øv til replikkane sit og de kan snakke heilt fritt.