Preguntar e indicar direcciones
Jobb saman to og to. Den eine er ein blind robot, og den andre styrer roboten. Roboten må lukke auga eller ha bind for auga. Den som styrer, fører roboten gjennom klasserommet ved å rope ut kommandoar. Det er om å gjere at ingen krasjar! Byt roller undervegs. Viss det blir for trongt i klasserommet, kan de også gå ein tur ut i gangen.
I tabellen finn de kommandoane roboten forstår.
Spansk | Norsk | |
---|---|---|
⬆️ | ¡(Ve) todo recto! | (Gå) rett fram! |
➡️ | ¡(Gira) a la derecha! | (Ta) til høgre! |
⬅️ | ¡(Gira) a la izquierda! | (Ta) til venstre! |
⛔️ | ¡Para! | Stopp! |
🔄 | ¡Date la vuelta! | Snu deg rundt! |
⬇️ | ¡(Da) un paso / dos pasos atrás! | (Ta) eit / to trinn bakover! |
Her får du sjå tre korte videoar der norske ungdommar spør etter vegen i Spania. Jobb saman med nokon, og øv på å spørje om og forklare vegen. Forslag til framgangsmåte:
Sjå videoen og prøv å få med dykk så mykje som mogleg av det som blir sagt.
Snakk saman på norsk: Kva forstod de?
Les transkripsjonen under videoen. Legg merke til kva ord og uttrykk som blir brukt. Bruk gjerne ei ordbok for å slå opp ord de ikkje forstår.
Set om dialogen munnleg.
Sjå videoen ein gong til. Forstår de vegbeskrivingane no? (Så bra! Då finn de nok fram.)
A. Estoy perdida
B. Buscamos una farmacia
C. ¿Dónde está el café La Molina?
Jobb i par eller i grupper på tre.
Les transkripsjonen til ein av videoane høgt saman. Les replikkane med innleving, og gjenta dialogen fleire gonger. Snakk sjølve! Klarer de å seie replikkane utanåt? Byt roller.
Lag ein eigen dialog ved å fylle ut dei blanke felta i samtalen under. Øv til de kan replikkane utanåt, og framfør dialogen for ei anna gruppe eller for læraren. Pass på: Når vi gir instruksjonar, kan vi bruke vanleg presens, modale hjelpeverb eller imperativ. Sjå på dømesetningane under.
Til éin person:
presens: Giras a la derecha. Du tek til høgre.
tener que: Tienes que girar a la derecha. Du må ta til høgre.
imperativ: Gira a la derecha. Ta til høgre (du-form).
Til fleire personar:
presens: Seguís todo recto. De fortset rett fram.
tener que: Tenéis que seguir todo recto. De må fortsetje rett fram.
imperativ: Seguid todo recto. Fortset rett fram (de-form).
Completa el diálogo
A: ¿...? ¿Puedes...?
B: ¡Claro que sí! ¿...?
A: Estoy buscando...
B: Sí, hay...
A: ¿Cómo...?
B: Para llegar...
A: ¡...!
B: ¡...!
Vel oppgåve A eller B. Bruk snakkehjelpa i boksen "Vocabulario para hablar"!
A. ¿Cómo llegar a...?
Bruk mønsterdialogen i oppgåve 3 og snakkehjelpa til å spørje om og forklare vegen frå skulen til heimen din eller frå skulen til næraste matbutikk.
Lag gjerne ulike variantar av dialogen: ein med presens, ein med tener que og ein med imperativ. Øv på dialogane, og framfør dei gjerne saman med nokon.
B. Un mapa turístico
Jobb i par. Bruk kartet og snakkehjelpa til å spørje om og forklare vegen.
Beskriv vegen frå Plaza Mayor til ein annan stad på kartet. Ein av dykk forklarer vegen mens den andre følger vegen på kartet med peikefingeren. Målet er å kome seg til riktig stad!
Byt på å spørje kvarandre om vegen og å beskrive vegen. Forklar korleis ein kjem seg frå ein sted på kartet til ein annan, til dømes frå rådhuset til biblioteket. Spør: ¿Dónde está...? ¿Hay un/a... por aquí cerca?
Alle i klassen reiser seg og byrjar å gå rundt i klasserommet. Når læraren roper STOPP, stoppar du opp og vender deg til den som står nærast deg. Spør om vegen til gymsalen, kantina eller ein annan stad på skulen. Byt på å spørje om vegen og å forklare vegen. Snakk i to minutt til læraren roper GÅ. Då går de rundt til læraren roper STOPP igjen.
Viss det blir trongt i klasserommet, kan de gjere denne aktiviteten ute eller i eit anna fellesområde.