Ejercicios: Un viaje de estudios a España
Kva hugsar du frå studieturen til Spania? Avgjer om påstandane er rette eller galne.
Når vi skal uttrykke entusiasme eller vise medkjensle med nokon, bruker vi ofte så + adjektiv på norsk. Til dømes "Så morosamt!" På spansk bruker vi då qué + adjektiv: ¡Qué divertido!
Vi har òg ein del utrop på spansk der vi bruker qué + substantiv. Til dømes ¡Qué pena! (Så synd!)
Set om utropa til norsk før de gjer glosekortoppgåva.
¡Qué guay!
¡Qué pena!
¡Qué rico!
¡Qué aburrido!
¡Qué lindo!
¡Qué suerte!
¡Qué maravilla!
¡Qué miedo!
¿Qué dices?
Jobb i par. Les setninga høgt, og bli samde om kva de ville svart i denne situasjonen. Bruk utrop med qué + adjektiv eller substantiv, og svar med stor innleving! Her er det ingen fasitsvar, men de finn forslag på baksida av kortet.
I videoen og teksten "Un viaje de estudios a España" får du vite kva ein skuleklasse har gjort på studietur i Spania. Når vi fortel om noko som har skjedd, bruker vi presens perfektum. Repeter reglane før du set i gang med oppgåvene.
A. Practica el pretérito perfecto
B. ¿Qué han hecho?
Kva har dei gjort? Skriv eit par setningar til minst fire av bileta. Du kan bruke informasjon frå teksten eller finne på ting sjølv.
Hugs å bruke presens perfektum! Til dømes: Las chicas de Noruega han ido de viaje a España.
C. ¿Alguna vez has...?
No skal de reise dykk, gå rundt i klassen og stille kvarandre spørsmål som alle begynner med ¿Alguna vez has...? (Har du nokon gong ...?). Spør og svar slik:
¿Alguna vez has visitado Madrid? Har du nokon gong besøkt Madrid?
No, nunca he visitado Madrid. Nei, eg har aldri besøkt Madrid.
Sí, he visitado Madrid (una vez / varias veces). Ja, eg har besøkt Madrid (ein gong / fleire gonger).
Skriv gjerne ut dokumentet nedanfor og noter namnet på den som svarer "ja", i skjemaet. Spelereglar: De får berre snakke med ein person om gongen, og det er berre lov til å stille kvarandre eit spørsmål kvar før de må finne ein ny partnar. Vinnaren er den som har samla flest namn når tida er ute.
Filer
- Alguna vez has(DOCX)
Her møter de to jenter som et frukost hos vertsfamilien. Svar på spørsmåla før de ser videoen.
¿Qué se suele desayunar en Noruega? Kva er vanleg å ete til frukost i Noreg?
¿Sabes qué suelen desayunar en España? Veit du kva som er vanleg å ete til frukost i Spania?
¿Qué has entendido?
Kva forstod de? Svar på spørsmåla i par. Ta gjerne ein felles gjennomgang i klassen etterpå.
Kva svarer jentene når vertsmora spør om dei har sove godt?
Kva vil jentene ha å drikke?
Kva seier Oliwia om det dei får å ete til frukost?
Kva pleier jentene å ete til frukost heime i Noreg?
Kvifor seier vertsmora at dei må ete godt?
Kva planar har Kristine og Oliwia for dagen?
Kvifor må vertsmora gå?