Introducción: ¡A viajar!
Mange elevar drøymer om å dra på studietur til utlandet. Er du ein av dei? Jobb saman med nokon, og svar på spørsmåla. Når de er ferdige med å diskutere, kan de ta ei kort oppsummering i klassen.
¿Alguna vez has viajado al extranjero con la escuela? ¡Cuenta! Har du nokon gong vore på skuletur i utlandet? Fortel!
Una estancia de aprendizaje en el extranjero suele ser un recuerdo para toda la vida. ¿A dónde te gustaría ir? ¿Por qué? Eit læringsopphald i utlandet er ofte eit minne for livet. Kvar kunne du tenke deg å dra? Kvifor?
¿Cómo crees que es una estancia por estudios en España? ¿Qué se hace? ¿Cómo se vive? ¿Qué se aprende? Korleis trur du eit læringsopphald i Spania er? Kva gjer ein? Korleis bur ein? Kva lærer ein?
¿Cuánto crees que cuesta un viaje de estudios a España por persona, más o menos? Kor mykje trur du ein studietur til Spania kostar per person, sånn cirka?
¿Cómo se puede juntar dinero para un viaje de estudios? ¿Qué puede hacer la clase? ¡Piensa creativamente! Korleis kan ein samle inn pengar til ein slik studietur? Kva kan klassen gjere? Tenk kreativt!
Gå gjennom kompetansemåla for spansk 2. Kva mål tenker de ein får trena på i løpet av ein slik skuletur? Får ein dekt få eller mange av måla?
Jobb med sentrale ord og uttrykk til temaet Un viaje de estudios.
Les det spanske ordet/uttrykket høgt, og gjett kva det betyr på norsk. Snu kortet og sjekk omsetjinga.
Jobb i par og høyr kvarandre.