Hopp til innhald
Oppgåve

Tareas: ¿Por qué aprender español?

Tareas escritas y orales sobre el tema ¿Por qué aprender español?

1. Razones para aprender noruego

Skriv ein tekst om gode grunnar til å lære seg norsk.

Oppgave

Du har no lese og høyrt mykje om gode grunnar til å lære spansk. Men kan du overtyde nokon om å lære seg norsk? Skriv ein tekst på spansk der du gir tre grunnar til å lære seg språket.

Bruk gjerne teksten "Seis razones para aprender español" som inspirasjon.

Innhald og struktur

  • Teksten skal ha ei kort innleiing, ein hovuddel der du presenterer grunnane dine, og ei avslutning.

  • Kvar grunn får sitt eige avsnitt. Avsnitta bør ha ei lengde på rundt 50 ord. Innleiinga og avslutninga treng ikkje å vere lengre enn ein til to setningar kvar.

  • Kvart avsnitt skal ha ei kort deloverskrift. Kvar deloverskrift fortel lesaren kva avsnittet dreier seg om.

  • Skriv teksten som om du snakkar direkte til ein person (du = ).

  • Bruk enkel setningsbinding for å skape flyt i teksten.

Nokre bindeord du kan bruke

  • y og

  • o eller

  • porque fordi

  • pero men

  • además i tillegg

  • también òg

  • por eso derfor

  • entonces så, då

  • por lo tanto altså

  • para empezar til å byrje med

  • por un lado, por otro lado på den eine sida, på den andre sida

  • para terminar til slutt

  • en conclusión avslutningsvis

2. El español en Estados Unidos

Lag ein presentasjon om spansk i USA.

Oppgåve

Sjølv om spansk ikkje er eit offisielt språk i USA, er det svært mange som snakkar det i heimane sine. Spansk er faktisk det mest talte minoritetsspråket i landet, og prosentdelen av den spansktalande populasjonen aukar for kvart år.

No skal du finne meir informasjon om temaet og lage ein presentasjon på spansk.

Innhald

  • Kor mange spansktalande personar er det i USA dag?

  • Kvifor bur det så mange spansktalande personar i landet?

  • Kva tre land kjem dei fleste frå?

  • I kva delstat bur det flest spansktalande personar?

  • Finn minst to kjende personar med spansktalande bakgrunn og presenter dei kort.

  • BONUS: Finn litt informasjon om Puerto Rico. Kva er så spesielt med dette landet?

Nokre krav

  • Bruk ein enkel digital presentasjon som støtte.

  • Framføringa skal vare mellom fem og ti minutt.

  • Ikkje ha tekst på lysbileta dine, bortsett frå overskrifter, nokre sentrale omgrep eller nøkkelord.

  • Vis elles bilete, grafar, tal eller andre illustrasjonar som du kommenterer og forklarer.

  • Du kan ha med eit ark med stikkord som støtte under framføringa, men prøv å snakke så fritt som mogleg. Setningane i boksen "Snakkehjelp" kan hjelpe deg.

  • Hugs å ta med kjeldene dine på siste lysbilete.

3. Una entrevista

Lag eit intervju om språklæring.

Oppgåve

Jobb saman to og to med å intervjue kvarandre om det å lære spansk og framandspråk generelt. Intervjuet skal vere på spansk. De kan gjerne bruke filmen med spørjeundersøkinga om språklæring som inspirasjon.

Førebuing

  • Begynn med å skrive ned omkring åtte ulike spørsmål som du vil stille partnaren din. Hugs å stille opne spørsmål, og bruk ulike spørjeord.

  • Dei første to spørsmåla bør dreie seg om å bli kjende med personen.

  • Det siste spørsmålet skal vere hemmeleg. Partnaren din får altså ikkje førebu seg på det.

  • Viss du synast det er vanskeleg å komme på spørsmål, har vi nokre forslag for deg.

Forslag til spørsmål

Nokre tips til kva du kan spørje om

  • Kva språk snakkar du?

  • Kva språk har du lyst å lære?

  • Kva tenker du om framandspråk/spansk?

  • Kvifor lærer du spansk?

  • Kva synest du er spennande/kjedeleg/positivt/negativt/... med framandspråk?

  • Kvar/korleis/når trur du at du kjem til å ha bruk for språka dine?

  • Korleis lærer du best?

  • Kva strategiar for språklæring har du?

  • Kva liker du best med spansktimane dine? Kva liker du minst?

Øving

  • Byt spørsmåla (bortsett frå det hemmelege spørsmålet) og førebu dykk på å svare på dei ved å skrive ned stikkord.

  • Øv så på å intervjue kvarandre. De skal etter kvart kunne snakke heilt fritt og utan noka form for manus når de svarer på spørsmåla. Svar så detaljert de kan.

Framføring

  • Framfør intervjua for heile klassen, delar av klassen eller berre for læraren.

  • Hugs å stille det hemmelege spørsmålet før du avsluttar med å takke for intervjuet.

  • I staden for å framføre kan de lage videoopptak av intervjua med mobilen.