Hopp til innhald
Oppgåve

Una encuesta sobre lenguas extranjeras

Ahora vas a conocer a Tiril, Ravn Willas y Émilie. Los tres jóvenes estudian español en un instituto noruego y han contestado a preguntas sobre lenguas extranjeras.

1. Antes de ver el vídeo

Før du ser på videoen, skal du jobbe med nokre oppgåver.

Las preguntas

Her er spørsmåla NDLA har stilt elevane. Kan du omsetje dei til norsk?

  1. ¿Quién eres?

  2. ¿Qué piensas de aprender lenguas extranjeras?

  3. ¿Qué lenguas hablas?

  4. ¿Por qué has elegido aprender español?

  5. ¿Qué otras lenguas te gustaría aprender?

  6. ¿Cuál es tu mejor consejo para aprender español?

Un poco de vocabulario

Her jobbar de med viktige ord og uttrykk frå videoen. Jobb saman to og to og omset frå spansk til norsk.

  1. Omsette ord og uttrykk:
    Ein av dykk les den spanske glosa høgt, og den andre omset til norsk. Deretter kan de snu kortet for å sjekke om omsetjinga er riktig. Ta fleire rundar og byt på kven som les, og kven som omset.

  2. Omsette setningar:
    Klikk på info-knappen for å få opp ei dømesetning med ordet eller uttrykket. Ein av dykk omset setninga til norsk, den andre snur kortet og sjekkar mot den norske omsetjinga av setninga. Oversett annankvar gong.

2. La entrevista

No skal du få vite kva Tiril, Ravn Willas og Émilie svarte på dei seks spørsmåla vi stilte dei.

  1. Sjå på videoen utan å notere noko. Du kan gjerne slå av tekstinga for å få trena lytteforståinga litt ekstra.

  2. Sjå på videoen minst to gonger til, og nøter kva dei tre elevane svarer på dei ulike spørsmåla. Du kan notere både på spansk og på norsk.

Tres alumnos noruegos hablan sobre lenguas extranjeras. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

3. Comprensión

Har du forstått kva elevane har sagt, og kan du svare på alle spørsmåla? Det er lov å sjå filmen om igjen viss du er uviss eller ikkje hugsar.

4. Completa las frases

Her kjem det nokre sitat frå videoen. Kan du finne orda som manglar?

5. Consejos para aprender español

På slutten av videoen kjem Tiril, Ravn Willas og Émilie med dei beste råda sine for å lære seg framandspråk:

  • "Mi mejor consejo para aprender una lengua extranjera es escuchar la lengua a menudo, por ejemplo en la radio o en un podcast." (Tiril)

  • "Mi consejo número uno para aprender lenguas extranjeras es practicar y hablar un poco cada día." (Ravn Willas)

  • "Mi mejor consejo para aprender una lengua extranjera es escuchar música, ver películas o una serie y apuntar palabras nuevas." (Émilie)

  1. Les og omset råda saman med ein medelev.

  2. Kva råd er favoritten din? Kvifor? Snakk saman på spansk.

  3. Kva er dei beste råda dine for å lære språk? Fortel kvarandre om dei på spansk.

6. ¿Qué dirías tú?

Kva ville du svart? Skriv ned dei personlege svara dine på kvart av spørsmåla frå videoen. Still så spørsmåla til ein medelev for å høyre kva hen har svart.

  1. ¿Quién eres?

  2. ¿Qué piensas de aprender lenguas extranjeras?

  3. ¿Qué lenguas hablas?

  4. ¿Por qué has elegido aprender español?

  5. ¿Qué otras lenguas te gustaría aprender?

  6. ¿Cuál es tu mejor consejo para aprender español?