Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Actividades para conversar

Repasa cómo hablar de ti mismo y de otras personas.

1.¡Ola a la derecha!

Denne øvingsrekka er fin til repetisjon og terping av ordforråd. Inspirasjonskjelde er tysklærar Doris K. Etnan ved Greveskogen videregående skole.

  • Lærar viser fram eit samtaleskjema på skjermen, med spørsmål og svar som passar i ulike enkle kvardagssituasjonar (helse, fortelje om seg sjølv, hobbyar, familie, kjæledyr, skule, fritid og så vidare).

  • Samtaleskjemaet har tre kolonnar: I første kolonne står emna elevane skal samtale om, i andre kolonne står spørsmåla dei skal stille kvarandre, og i tredje kolonne står hjelpesetningar som dei tek utgangspunkt i når dei svarer kvarandre.

  • Elevane stiller seg opp i to rekker overfor kvarandre, og slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar må ein vurdere å fordele elevane på fire rekker.

  • Elevane som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par. Når læraren signaliserer at det er tid for å byte samtalepartnar, flyttar elevane i den eine rekka seg eit skritt til høgre og gjer øvinga med ein annan partnar.

  • Etter to–tre rundar fjernar læraren hjelpesetningane slik at elevane berre ser emneord og spørsmål. På siste side blir òg spørsmåla fjerna, slik at elevane berre ser emneorda. Elevane snakkar no fritt, berre ved hjelp av emneorda.

  • Alle elevane har eit ansvar for å halde samtalen i gang. Stoppar nokon opp, skal partnaren hjelpe til slik at samtalen kjem i gang igjen. Går eit par tom for idéar, småpratar dei vidare på spansk om det som fell dei inn.

Forslag til skjema (klar til bruk)

Klikk på pilane nedst til høgre slik at du får fullskjerm-visning av presentasjonen. Då er det berre å setje i gang !

2. ¿Las apariencias engañan?

Kan skinnet bedra? De skal no få møte tre personar. Sit i par og gå gjennom person for person.

  1. Sjå på biletet. Kven trur de denne personen er? Spekuler ved å svare på følgande spørsmål:

    • ¿Cómo se llama?

    • ¿De dónde es?

    • ¿Dónde vive?

    • ¿En qué trabaja?

    • ¿Qué religión tiene?

    • ¿Qué le gusta hacer en su tiempo libre?

  2. Når de har danna dykk eit bilete av personen, blar de vidare for å sjå "fasiten". Les gjennom det som står om personen, og set om saman til norsk. Klikk på info-knappen for å få opp gloser.

  3. Diskuter: Kva er de mest overraska over? Kvifor er dette overraskande? Her kan de snakke norsk.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid og Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2023

Læringsressursar

Así soy yo