Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: ¿Quién eres?

¿Recuerdas cómo presentarte en español? ¿Qué haces en tu tiempo libre? ¿Dónde vives y cómo es tu familia? Ahora puedes repetir el vocabulario necesario y, a la misma vez, conocer mejor a tus compañeros de clase.
Fire ungdommar hoppar ut av ei stor inngangsdør. Foto.

1. ¿Quién eres?

No repeterer du korleis du presenterer deg sjølv på spansk.

  1. Fullfør spørsmåla i oppgåva ved å dra orda på riktig plass.

  2. Når du har løyst oppgåva, tek du fram eit ark og skriv ned alle spørsmåla.

  3. Stå opp, gå rundt i klassen og still spørsmåla til tre eller fire medelevar. Noter svara du får.

  4. Presenter personen du snakka med sist, for klassen eller for ein medelev. Start slik: "Se llama Marie y tiene 16 años."

2. Tiempo libre

Kor mange av desse aktivitetane veit du kva heiter på spansk? Viss du treng litt hjelp, kan du klikke på info-knappen for å få starten på nokre av orda.

¿Te gusta o no?

  1. Ta fram eit ark og skriv ned alle fritidsaktivitetane frå omsetjingsoppgåva. Skriv dei på spansk.

  2. Jobb no saman med ein medelev. Spør kvarandre om de liker desse fritidsaktivitetane. Bruk setningsmalen i boksen nedanfor. Kryss av alle aktivitetane som medeleven svarer "ja" på.

  3. Gå rundt i klassen og prøv å finne nokon som liker dei aktivitetane partnaren din ikkje likte. Klarer du å få eit "ja" for kvar einast aktivitet?

Setningsmal: Liker du ...?

Gå gjennom heile lista med aktivitetar, og spør og svar på same måte kvar gong.

  • Elev A: ¿Te gusta jugar al fútbol?

  • Elev B: Sí, me gusta jugar al fútbol. / No, no me gusta jugar al fútbol.

Viss du vil, kan du òg legge til nokre ord som presiserer svaret ditt, til dømes:

  • me gusta mucho/muchísimo eg liker veldig godt / kjempegodt

  • me gusta bastante eg liker ganske godt

  • me gusta un poco eg liker litt

  • no me gusta nada eg liker ikkje i det heile

3. Mi familia

Hugsar du familieorda på spansk?

CC BY-SASkrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2023

Læringsressursar

Así soy yo