Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introducción: Encuentros culturales

Bienvenidos y bienvenidas al podcast de español de NDLA. El podcast para ti que estás aprendiendo español.

1. Los presentadores del podcast

Møt podkastvertane Ramiro og Andrea! Sjå først gjennom profilane deira på side 2 og 3, og still så kvarandre spørsmåla nedanfor. Den eine fortel om Ramiro, den andre fortel om Andrea.

2. Vocabulario

I podkasten vil du nok kjenne igjen nokre mykje brukte ord og uttrykk. Før du lyttar, er det lurt å repetere desse, så du hugsar kva dei betyr. Her kjem ein kjapp repetisjon!

A. Algunas palabras

B. Algunas expresiones

Kva betyr uttrykka? Les dei høgt, og set dei om til norsk. Jobb gjerne i par!

3. El español de España y de Argentina

Lær om nokre forskjellar mellom europeisk og argentinsk spansk. Lytt til lydfilene. Høyrer du forskjellane?

4. Los episodios

Podkastserien Encuentros culturales består av til saman seks episodar. Episodane er uavhengige av kvarandre.

  1. El primer encuentro

  2. La música

  3. Deporte y actividades al aire libre

  4. Familia y amigos

  5. Costumbres y estilo de vida

  6. Sociedad y circunstancias sociales

Consejos para escuchar un podcast

Korleis bør du gå fram når du skal lytte til podkasten? Her er nokre tips:

  • Sjå over spørsmåla podkastvertane stiller kvarandre, og gloselista til episoden før du lyttar.

  • Lytt fleire gonger, og stopp gjerne episoden undervegs.

  • Fokuser på det du forstår, og prøv å få med deg det viktigaste. Lytt etter nøkkelord og ord som liknar på norske eller engelske ord. Du treng ikkje å forstå alt for å få med deg hovudinnhaldet i episoden.

  • Alle episodane har ein transkripsjon, altså ein tekstversjon av podkasten. Transkripsjonen har ordforklaringar som hjelper deg å forstå teksten betre.

CC BY-SASkrive av Kristina Victoria Vahl.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2024

Læringsressursar

El podcast de español: Encuentros culturales