Tankekart som kunstnarisk utforsking
Eit godt kunstprosjekt har djupare lag enn berre det som har med faktum å gjere. Likevel bør det første trinnet i eit kunstprosjekt vere å skaffe oversikt over temaet i prosjektet. Du kan spørje deg sjølv:
Kva handlar dette temaet om?
Er det nokon område i dette temaet eg sjølv ikkje veit noko om?
Du kan bruke eit tankekart til å setje opp det du finn ut om temaet. Kombiner gjerne tekst og illustrasjonar, alt etter kva du har av tid og ønske i prosjektet.
Når du har fått oversikt over temaet og aktuelle undertema, kan du begynne å grave djupare i korleis du kan jobbe med dette som kunstnar. Kanskje ser du uventa koplingar eller eit undertema som du kan utforske i fleire retningar?
Tankekartet om søvn, slik det er vist over, har undertema som kan utforskast vidare. Ordet "draumar" kan til dømes leie vidare til gode draumar, vonde draumar, draumar om å fly, draumar der alt går gale ... Prøv å ha ei open tilnærming og fabuler vidare på idéar som dukkar opp.
Prøv å finne kunstnarar og forfattarar som har jobba med same tema. Det kan til dømes vere måleri, filmar, songar, eventyr eller romanar. Start med det du kjenner frå før. Kan temaet søvn få deg til å tenke på eventyret om Tornerose eller Jon Blund, voggesongar eller barnesongen "Bjørnen sover"? Alle desse døma handlar om søvn på ulike måtar. Stopp opp ved det du synest er interessant, og la deg inspirere.