Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av prosjektet ditt

I eit prosjekt som går over tid, og som består av mange trinn, kan du lett feilberekne kor mykje tid du har til rådvelde. Ved å legge ein god plan kan du sørge for at du kjem i mål utan altfor mykje stress.

Korleis bør du begynne?

Etter kvart som du får erfaring med å jobbe i kreative prosessar, blir det lettare å planlegge arbeidet. Det første du må gjere, er å sjekke kor lang tid du har på prosjektet ditt. Større prosjekt er viktigare å planlegge enn små.

Tenk gjennom alle gjeremåla du har i prosjektet. Sett av god nok tid til alle. Spesielt er det bra med lengre tid på sjølve hovudoppgåva. Det kan til dømes vere å utarbeide eit måleri.

Her får du ei oversikt over punkt du kanskje må setje av tid til i planen din.

Når du får oppgåva

Følg nøye med når oppgåva blir presentert, og notar stikkord mens du lyttar. Kanskje det dukkar opp spørsmål under presentasjonen. Skriv dei ned, og still dei når du får høve. Start på dokumentasjonen med ein gong. Å beskrive oppgåva er ei fin byrjing på den.

Undersøk faktum og finn inspirasjon

Finn ut kva du kan frå før om det temaet du skal jobbe med. Søk etter inspirasjon og saml inn mykje materiale. Du kan få bruk for det, sjølv om noko sannsynlegvis må forkastast. Ha inspirasjonen din med i dokumentasjonen.

Lag eit tankekart

Når du får ei viss oversikt over temaet, kan du setje opp eit tankekart. Få med hovudpunkt og fleire underpunkt. Jobb gjerne med tankekartet i fleire rundar. Det kan vere du kjem på meir som bør vere med undervegs i arbeidet ditt. Ha tankekartet med i dokumentasjonen.

Beskrive i biletteksten. Foto.

Set opp eit inspirasjonsark (moodboard)

Når du har funne mange bilete du vil bruke som inspirasjon, kan du setje opp eit utval av dei på eit ark eller i eit digitalt dokument. Ha inspirasjonsarket med i dokumentasjonen.

Skisser til idéar

Lag fleire raske skisser for moglege løysingar i prosjektet ditt. Skisser skal ikkje vere nøye utarbeidde og skuggelagde. Spar detaljarbeid til seinare i prosjektet. Ha skissene med i dokumentasjonen.

Ei side i skisseboka til ein kunstelev. Det er teikna inn blomstrar, skyer og soppar i ulike stilar og fasongar. Foto.

Idéutvikling

Når du har landa på ein idé, skal han utviklast vidare. Tenk ut ulike versjonar av den same idéen. Bruk gjerne ulike teknikkar for å jobbe med idéane dine på ulike måtar. Ein metode som kan hjelpe deg i gang, er SCAMPER-metoden. Ha idéutviklinga di med i dokumentasjonen.

Komposisjon og fargepalett

Lag utprøvingar for korleis du vil komponere arbeidet, og test ut nokre fargepalettar som kan vere aktuelle. Ha utprøvingane dine med i dokumentasjonen.

Ei side i ei skissebok, beskrive i biletteksten. Foto.

Start på hovudoppgåva

No er du klar til å starte på det som skal bli det ferdige produktet. Viss du no har godt med tid, kan du konsentrere deg om å få dette til slik du ser det for deg. Du bør òg legge inn litt tid for det du ikkje har føresett. Kanskje må du rette opp noko du ikkje blei fornøgd med. Hugs at dette òg tek tid. Fotografer undervegs. Til slutt fotograferer du det ferdige resultatet. Ha det med i dokumentasjonen.

Refleksjon og eigenvurdering

Skriv ein tekst der du reflekterer over prosessen, og over kva du har lært. Sjå gjennom det du har gjort undervegs for å hugse det du har arbeidd med. Ha refleksjonsteksten med i dokumentasjon din.

Ferdigstill dokumentasjonen

Dette kan vere fort gjort viss du har jobba systematisk med dokumentasjonen gjennom heile prosessen. (Det lønner seg.) Viss ikkje, må du hugse at dette kan det ta lang tid å gjere i etterkant. Ferdigstill dokumentasjonen no, og du kan levere oppgåva!

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2024

Læringsressursar

Førebuing