Hopp til innhald

Fagstoff

Kvar skal eg finne inspirasjon?

Som kunstnar kan det vere vanskeleg å vite korleis du skal begynne. Hugs at kreativiteten din er den viktigaste drivkrafta. I førebuinga hjelper det å søke inspirasjon og å la interessene dine vise veg. Her er nokre råd om korleis du kan komme godt i gang.
Ein miks av ulike materiale frå bitar av tau, utklipp frå eit magasin, silhuetten av ein katt, måla papir og bitar av tre med mønster. Foto.

Bruk deg sjølv

Eit kunstverk begynner alltid med ein idé som set i gang kreativiteten. Det som kan hjelpe deg gjennom prosjektet, er å utforske ei vinkling som betyr noko for deg personleg. Bruk eigne interesser, det du drøymer om og dine eigne erfaringar. Kva engasjerer deg? Finn du ein tydeleg idé, kan han ligge til grunn for eit kunstverk som får ein god, gjennomtenkt heilskap.

Les, leit og samle inspirasjon

Kunst er ein del av den verda vi lever i. Finn inspirasjon i kjelder som bøker, filmar, musikk, naturen og kvardagslivet. Studer arbeida både til nolevande og historiske kunstnarar. Du kan sjå nærare på korleis dei har jobba med teknikkar, fargar, komposisjon og tema. Samle utklipp i skisseboka di. Det kan vere utskrifter av foto, illustrasjonar, kunstverk, sitat og idéar du har skissert. Inspirasjon kan du finne overalt. Følg med og ver oppmerksam!

Lag deg eit mål

I starten av prosjektet er det lurt å tenke gjennom kva du vil med kunstverket ditt. Har du noko på hjartet som du vil formidle? Korleis skal dette komme fram? Du må òg tenke gjennom kor lang tid du har til å gjere det ferdig. Har du ikkje særleg god tid, må du justere målet slik at det blir mogleg å nå det.

Legg ein god plan

Det høyrest kanskje kjedeleg ut, men ein god plan kan gjere at du får meir ro til det kreative arbeidet. Det er spesielt viktig at du får oversikt over kor mykje tid du kan bruke på alt som skal gjerast frå start til ferdig innlevert prosjekt. Stress er det siste du treng for å vere kreativ. Ein plan kan forhindre det.

Ei teikneblokk med ein handskriven plan over eit kunstprosjekt. Ved sida av ligg det akvarellpenslar, ei skissebok og fargeblyantar. Foto.

Ver saman med andre kreative

Andre kreative folk forstår kva det er som er så bra, og kva som kan vere vanskeleg. Ver saman med dei! Anten det er andre kunstelevar, interesserte venner eller kreative folk frå ulike felt, kan dei støtte, inspirere og hjelpe deg vidare i den kunstnariske utviklinga di. Ver open for både gode tilbakemeldingar og konstruktiv kritikk. Kritikken må du sjå som ei moglegheit til å bli betre på det du vil oppnå. Dialog med andre kunstnarar kan lære deg mykje og er inspirerande på mange måtar.

Ein plan er bra, men ...

Ein kreativ prosess er ikkje ei rett linje. Du må forvente at ting ikkje blir som du hadde tenkt, og at du må finne løysingar undervegs. Akseptar både "feil" og endringar i planen. Fantastiske feil er ofte ein inngang til noko meir originalt. Om ikkje anna så kan dei lære deg noko som er verdt å ta med vidare.

Eksperiment og leik

Bruk skisseboka di aktivt til å prøve ut ulike komposisjonar, fargekombinasjonar, skisser og teknikkar. I skisseboka er det du som bestemmer. Her er alt lov. Leik er ein god måte å komme i gang med eksperimenteringsfasen på.

Teikning som viser uttrykksfulle linjer og former. Nokre stader er det brukt raud og gul fargeblyant, elles er det gråtonar som dominerer. Teikninga er ikkje naturalistisk, men vi aner at det er figurar: ein person med ei stor hand, eit krabbeliknande vesen og ein figur som kan minne om eit insekt. Illustrasjon.

Tenk over

Kva er du oppteken av for tida?
Korleis kan du bruke dette som utgangspunkt for eit kunstprosjekt?

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2024

Læringsressursar

Førebuing