Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksperimenter med komposisjonsprinsipp

Bruk ulike komposisjonsprinsipp og bli klar over korleis du plasserer element i forhold til kvarandre. Krusedullar, punkt, sirklar, trekantar, firkantar – alt er greitt i denne øvinga. Vel det du vil av reiskapar og materiale, og utforsk moglegheitene.
Samanstillingar av geometriske figurar slik det er forklart i biletteksten. Illustrasjon.

Tips om denne metoden

I denne metoden set du opp små ruter på ei side i skisseboka di. Fordelen med dette er at du:

  • kan komme over "skrekken for det blanke arket".

  • kan utforske idéskisser, teknikkar, fargar og komposisjonar i eit lite format.

  • kan eksperimentere og teste ut ulike idéar som forarbeid til eit større prosjekt.

Bruk denne metoden i oppgåver du skal jobbe med, også i framtida. Storleik og talet på ruter kan du justere slik at det passar til det prosjektet du skal jobbe med.

Utstyr

  • Teikneark: A3-format

  • Blyant

  • Valfrie reiskapar og materiale: til dømes fargeblyantar, tusjar, måling, papirbitar eller utklipp frå magasin

Del 1: Set opp rutene

På eit liggande A3-ark skal du teikne opp 3 x 3 ruter. Set opp den første ruta 20 mm frå toppen av arket og 35,5 mm frå venstre side. Rutene skal ha ei breidde på 105 mm og høgde på 75 mm. Mellom rutene skal det vere 17 mm. Bruker du desse måla, vil rutene få jamn fordeling på arket.

Dette kan verke pirkete og omstendeleg, men gjer det til ein vane å jobbe nøyaktig med oppsettet i denne øvinga. Her er det berre rammene som følger eit stramt oppsett. Du kan laste ned ei oversikt med beskrivingar av komposisjonsprinsippa under her.

Filer

Ark med ruter som inneheld ulike komposisjonar i ulike fargar. Foto.

Del 2: Lag dine eigne komposisjonar

Lag dine eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Du kan bruke dei teikne- og målereiskapane du vil. Du kan bruke meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram. Skriv kva komposisjonsprinsipp som blir viste under kvar rute. Det er ikkje fasitsvar på korleis ein komponerer. Prinsipp er berre ei hjelp til å komme i gang.

Del 3: Bonusoppgåve

Ta den komposisjonen du likar best. Lag ein ny versjon på A5-format og juster den etter ønske.

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2024

Læringsressursar

Eksperimentering