Målretta utprøving
Mathea er ein elev som ville utvikle noko enkelt til å bli noko spennande. Ho var oppteken av det mest elementære innan teikning, nemleg linja. Ho ønskte å utforske korleis linjer kan skape form, volum og rørsle.
Vi kan jobbe med eit tema på ein individuell og nyskapande måte, sjølv om det har vore prøvd ut av andre før. Mathea blei inspirert av kunstnaren Victor Vasarely til å bruke linjer for å skape rørsle og illusjonar av djupne. Du kan sjå Vasarelys bilete Zebra på Wikiart.
Mathea prøvde seg fram gjennom ulike teknikkar. Ho varierte tjukna på linja og avstanden mellom linjene, og ho prøvde ut verknaden av å setje bogne linjer saman med rette.
Det første biletet i rekka over viser korleis Mathea starta å teikne inn linjer med ein grøn tusj. Linjene har ulik tjukn og retning, men følger eit system ved at dei ligg parallelt med kvarandre. Neste bilete viser same teikning undervegs, men her har ho begynt å fylle dei kvite mellomromma med vanleg gråblyant. Det tredje og siste biletet viser korleis resultatet av denne utprøvinga blei.
Det neste trinnet i Matheas prosess var å prøve ut evna linja hadde til å skape form. Ved å bruke varierte bogne linjer og bruke ulike avstandar mellom linjene skaper ho illusjon av volum og rørsle. Etter kvart overlappa linjene slik at ho klarte å skape perspektiv.
Heile tida hadde Mathea eit mål om å skape eit eige utrykk. Ho blei inspirert av korleis ein kjend kunstnar bruker linja som verkemiddel. Samtidig utforska ho korleis linjebruk kunne gi den effekten ho ønskte. Fokuset på linjer skapte samanheng og god utvikling i prosessen hennar.
Mathea hadde allereie oppdaga at ved å bruke bogne linjer og å gjenta dei, blei det skapt ein illusjon av volum og rom. Nå begynte ho å prøve ut overlapping av linjene for å skape både rørsle og perspektiv. Ho jobba intuitiv og teikna den første linja på arket. Linja blei sett saman med ei anna linje slik at ei slangeliknande form oppstod. Slangeformene vart fylte opp av tverrgåande linjer i ulike avstandar og tjukner. Ho prøvde òg ut ulike bakgrunnar for komposisjonane sine.
Det endelege arbeidet til Mathea består av noko av det mest elementære innan teikning: linjer. Ved å variere tjukna, retninga og avstanden for linjene har ho klart å skape perspektiv, rom, rørsle og eit spennande resultat.
Reflekter og diskuter
Kva for nokre personlege eigenskapar trur du Mathea har brukt for å jobbe seg gjennom denne prosessen?
Kva trur du Mathea har lært om seg sjølv som kunstnar gjennom denne prosessen?
Kva meiner du er verdien av "målretta utprøvingar"?