Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øving i å utvikle idéskisser

Å kunne skissere fram fleire idéar utan å vere for kritisk til det som kjem ned på papiret, er ein viktig kompetanse i alt kreativt arbeid. Det hjelper deg å komme i gang med oppgåva. Kanskje finn du på noko som overraskar deg sjølv?
Skissebok ligg oppslått på eit bord. Det er laga ruter med teikningar av bjørnar, hundar og kattar i henne. Foto.

Idéutvikling

Sjølv om du kan komme på ein super idé utan å gjere noko spesielt, må du som kunstnar ofte omarbeide idéane dine. Idéutvikling kan bety både å finne mange idéar, men òg å ta ein av idéane dine i nye retningar og versjonar.

Idéutvikling kan skje i form av små skisser på papir, eller ved at du testar ut fleire, mindre versjonar av til dømes eit planlagd måleri. Kva metodar du bruker, avheng av kva du skal skape.

Få fram mange idéar

Utstyr

  • Skissebok - bruk ei side eller to.

  • Blyantar, fargeblyantar eller det du føretrekker å teikne med.

Øving

  1. Lag tolv små (ca. 5 x 5 cm) raske skisser ut frå stikkordet "glede". Du vel kva du skal teikne, og kva stil og fargar du vil bruke. Jobb raskt og effektivt. Om det er strek, punkt, sirklar, kvadrat, kattar, fuglar, blomstrar, menneske eller noko anna, bestemmer du sjølv.

  2. Når du er ferdig med dei tolv skissene, vel du ut den du liker best. Skisser tre nye variantar av favoritten din. Du står fritt til å forandre det du vil i forhold til originalen. Originalen er no berre ein inspirasjon som du utviklar vidare.

Reflekter og diskuter

Diskuter spørsmålet saman med ein medelev:
Kvifor er det eit poeng å skissere fleire idéar når du allereie har ein god idé?

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2024

Læringsressursar

Eksperimentering