Kreative metodar
I eit tankekart sorterer du idéane dine på ein fri og visuell måte. Tankekart er ein kreativ metode som de kan utføre individuelt eller i grupper, for å utvikle idéar. Du skriv ned flest mogleg frie assosiasjonar rundt eit tema eller ei problemstilling, utan å vere kritisk.
NDLA: Idédugnad ved hjelp av tankekart
Manuelt arbeid, som modellering av leire, strikking, måling og spikking er fantastiske måtar å stimulere hjernen på. Å jobbe med hendene gir godt humør, reduserer stress og gjer deg fullt involvert i den kreative prosessen. Hendene dine er allsidige og har mykje kreativt potensiale.
NDLA: Eksperimentering i materiale
I denne kreative metoden bruker du lappar i ulike fargar for å skrive ned idéar, og dessutan styrkar og svakheiter ved idéane. På gule lappar skriv gruppa ned idéar og hengjer dei opp på ei tavle. Deretter bruker de grøne lappar for å skrive ned styrkar ved idéen, og hengjer opp lappane ved den gule lappen dei høyrer til. Til sist skriv de svakheitene eller utfordringane ved idéane på raude eller rosa lappar. Sorter idéane og diskuter undervegs.
NDLA: Bruk farga lappar i idémyldring
Idébank er ein kreativ metode der du jobbar stille saman i ei gruppe. Kanskje kan det vere lettare å kome med nye tankar og idéar når du slepp å seie dei høgt? Blir du modigare og meir fri når du kan skrive ned idéane anonymt? Ein av fordelane med å skrive ned idéen, framfor å seie han munnleg, er at du ikkje høyrer meiningane til andre med ein gong. Bruk ark og skriv ned idéar. Legg arka på midten av bordet. Når du går tom for idéar, plukkar du eit ark frå bunken og ser om du kan kome på nye idéar. Det er viktig at det er ro, og at de ikkje snakkar saman undervegs. Til slutt sorterer og vurderer de idéane.
Kreativ dialog er å skape gjennom tale. Denne kreative metoden var først brukt av urfolket Navaho under rådslag. Dei sat i ring og sende rundt ein heilag stein. Den som heldt steinen hadde ordet, og dei andre var stille. På denne måten snakka dei etter tur, og alle bidrog med meiningar og idéar.
Kleshengjar er ei enkel øving for å trene på kreativitet. Han eignar seg å gjere før de går i gang med å utarbeide idéar. I denne øvinga er det viktig at de er impulsive og kreative.
Meister er ei enkel øving for å få opp stemninga og få i gang prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg å gjere før de går i gang med å utarbeide idéar. I denne øvinga er det viktig at de er impulsive og kreative.
NDLA: Meister
Brainstorming, eller idémyldring, er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idéar, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling. Øvinga eignar seg å bruke i oppstarten av eit prosjekt. I denne øvinga er det viktig at de er impulsive og kreative.
1 + 1 = 3 er ei øving som trener opp evna til assosiasjonstenking. Samtidig blir de kjende med berekraftsmåla til FN.
Her blir de kjende med FN sine berekraftsmål, samtidig som de får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking. Øvinga er ein fin start på ein idéprosess der berekraft er i fokus. Ho gir òg trening i å presentere.
NDLA: Slumpord med berekraftsmåla til FN
Poenget med rollespel i ein idéprosess er å dele ein idé med andre og sjå om han kan vidareutviklast. Her er tre kreative metodar der du bruker rollespel: "Møtest ved vassholet", "Pessimisten versus optimisten" og "6 tenkehattar".
NDLA: Rollespel og idéutvikling
ABC-metoden er ei enkel øving som kan brukast for å kome på flest mogleg idéar. Ved bruk av alfabetet utfordrar du deg sjølv til å finne ein idé for kvar bokstav.
NABC-metoden er ein metode de kan bruke for å avdekkje behov hos brukarane og utvikle idéar. Han kan òg vere ei hjelp til å vurdere kor gode idéane dine er.
- N står for behov – need
- A står for framgangsmåte – approach
- B står for fordelar – benefits
- C står for konkurranse – competition