Hopp til innhald

Fagstoff

Eksperimentering i materiale

Manuelt arbeid, som modellering av leire, strikking, måling og spikking er fantastiske måtar å stimulere hjernen på. Å jobbe med hendene gir godt humør, reduserer stress og gjer deg fullt involvert i den kreative prosessen. Hendene dine er allsidige og har mykje kreativt potensiale.

Eksperimentering i eige materiale

Du kan velje å arbeide i materiale som kan vere aktuelle for oppgåva eller problemstillinga di. Jobbar du med eit interiøroppdrag, kan du finne fram ulike tekstil, tapet eller materialprøvar. Skal du bli frisør, kan du eksperimentere i hår, og om du skal bli keramikar, kan du eksperimentere i leire.

Mappe med ulike tekstilar, fargeprøvar og mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk arbeid i materiale stimulerer kreativiteten din

Nokre gonger kan du òg velje å eksperimentere i materiale som du ikkje skal bruke vidare i designprosessen. Å arbeide med hendene i noko som tilfredsstiller deg, utfordrar deg og får deg til å slappe av, har ein verdi i seg sjølv for kreativiteten din. Til dømes kan eksperimentering i måling skape nye tankar, assosiasjonar, inspirasjon eller idéar til stemningar og uttrykk til ein brudebukett, eit klesplagg, eit smykke eller ein visuell profil.

Designar målar ujamne strekar i svart på stort format. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjuke, harde og plastiske materiale

Det kan vere både morosamt og utviklande å utfordre deg sjølv i nye og ukjende materiale. Vi deler materiale inn i mjuke, harde og plastiske materiale. Døme på mjuke materiale er tekstil i naturmateriale som ull, silke og bomull, eller tekstil i kunstfiber. Stein, metall og tre er harde materiale. Bjørk er eit hardt treslag, medan selje er lettare å spikke og forme i. Både plastilina, pappmasjé og leire kan du forme ved hjelp av berre hendene dine, og dette er plastiske materiale.

Mange små utprøvingar med vev i ulike tekstilar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturvennlege materialval

Vel gjerne materiale som er naturvennlege. Tenk over korleis berekraftige val i arbeidet ditt kan påverke samfunnet og naturen positivt. Det kan vere naturmateriale som er fornybare og som vi har god tilgang på. Tre er til dømes ein ressurs vi har uavgrensa av, føresett at vi forvaltar skogane godt. Andre naturmateriale du kan finne, er steinar, sand, kongler, skjel og strå. Leire er eit berekraftig materiale, og keramikkproduksjon forureinar lite.

Keramikkfliser med ulike teksturar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjenbruk

Dersom du tenker deg om, har du heilt sikkert mange ulike både mjuke, harde og plastiske materiale du allereie har og kan bruke om igjen. Plastposar er eit døme. Lag remsar av plasten og vev ei matte til kjøkkengolvet. Kanskje har du rydda i skapet og lagt vekk klede. Bruk tekstila til nye formål. Har du nokon verkstader i nærområdet ditt som har overskotsmateriell du kan få?

Hekla blått og kvitt golvteppe i plast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020

Læringsressursar

Kreativitet og idéutvikling