Hopp til innhald
Fagartikkel

Dei fire fasane i kreative prosessar

Graham Wallas var ein britisk psykolog som i 1926 sette opp ein modell for korleis ein kreative prosess går føre seg. Prosessen er delt inn i fire fasar. Sjølv om du i kvar fase skal gjere noko bestemt, vil du gå fram og tilbake i prosessen. Av og til jobbar du parallelt med fleire delar av oppgåva.

Nye fagord

Inkubasjon

betyr å la noko få modnast og utvikle seg uforstyrra.

Illuminasjon

betyr å klargjere noko for å sjå kva som har noko å seie.

Verifisering

er å få sjekka om noko er rett, slik vi meiner det skal vere.

Lineær rekkefølge

betyr at noko skjer i ei bestemd rekkefølge.

Parallelt

betyr her at noko skjer samtidig med noko anna.

Fase 1: Førebuing

I denne fasen gjer du deg klar ved å samle informasjon og få oversikt over temaet. Fagbøker er gode kjelder, som du ganske sikkert kan stole på. På nettet finst det òg mykje informasjon, men pass på å vurdere kjeldene kritisk. Du skal setje deg inn i faktum, utforske moglegheiter, samle inspirasjon og skaffe deg djupare forståing av det du skal jobbe med.

Like viktig som å forstå kva oppgåva skal vere, er det å avgrense kva ho ikkje skal vere. Då blir det lettare å komme fram til ei god løysing av prosjektet. Du er no klar til å la idéane få komme i løpet av den neste fasen.

Fase 2: Idéutvikling, eksperimentering og kvile

Idéutvikling og eksperimentering

I denne fasen eksperimenterer du med det innsamla materialet. Set ting saman og skap idéar. Sjå om du kan "snu noko på hovudet". Kan noko bety noko anna om det blir kombinert? Her står du fritt til å prøve ut og eksperimentere. Ikkje bestem deg for at éin av idéane er den beste enno. La det vere opent!

Ta ein pause

Når du har omarbeidd materialet på ulike måtar, skal du la alt få kvile i underbevisstheita. Jobben din no, i slutten av denne fasen, er å gjere noko heilt anna. Gå ein tur. Finn på noko gøy. Sov. Nye idéar dukkar ofte opp når du minst ventar det.

Wallas brukte omgrepet inkubasjon, som er når noko utviklar seg frå noko lite til noko større. Eit frø som blir lagt i jorda, må ta til seg fukt for at det skal begynne å vekse. Du kan samanlikne det du gjorde i førebuingsfasen og ved å eksperimentere, med mange små idéfrø som kan begynne å spire.

Fase 3: Gjennomføring

Illuminasjon

Dette er den augneblinken då det seier pling! Du får ei aha-oppleving. Wallas brukte omgrepet illuminasjon som betyr "å lyse opp". Vi seier stundom at "det gjekk opp eit lys for meg" når tanken klarnar og vi endeleg forstår noko som har vore vanskeleg å begripe. Ny innsikt eller ei uventa løysing dukkar gjerne plutseleg opp i denne fasen. Du har no ein klarare idé du kan arbeide med i prosjektet, og er klar til å setje i gang.

Planlegging

Planlegg arbeidet ditt. Etter å ha komme opp med ei ny idé eller løysing må du gå gjennom ein prosess med å vurdere om du verkeleg er på rett spor. Då kan du spørje deg sjølv:

  • Passar idéen til problemet som skal løysast?

  • Er løysinga du har valt realistisk og praktisk gjennomleg?

  • Korleis skal du komme i mål?

  • Må du kanskje kutte ut noko av det du hadde tenkt på?

Kanskje må du erstatte noko med noko anna. Dette kan òg innebere at du finjusterer eller utviklar idéen meir, før du let han bli noko handfast.

Gjennomføring

I kunstprosjekt er det vanleg at du set i gang arbeidet, og så justerer du undervegs. Ein kunstnar kan følge intuisjonen sin og jobbar ikkje mot noko fasitsvar. Som kunstelev bør du ikkje gå for langt vekk ifrå den planen du har laga. Av og til må du likevel innsjå at du må forenkle idéen for å komme i mål. Snakk med læraren og med medelevar før du tek drastiske val.

Fase 4: Vurdering

Ein kunstnar vil alltid vurdere sitt eige arbeid, både undervegs og i sluttfasen. Verifisering, som var ordet Wallas brukte om denne fasen, betyr at du forsikrar deg om at noko er rett. Her vel vi å bruke ordet vurdering, fordi det både kan brukast i læringsarbeidet og for å vurdere om eit kunstverk har blitt som kunstnaren hadde tenkt.

Refleksjon

Å reflektere er viktig når du skal lære av din eigen prosess. Du kan tene på å bruke litt tid på å finne ut kva du vil ta med deg av erfaringar frå prosjektet. Då har du betre føresetnader for å gjere det endå betre i neste prosjekt. Legg merke til kva du fekk til, kva du må øve meir på, og kva måtar du løyste utfordringar som dukka opp undervegs, på.

Hugs, modellar er ikkje verkelegheit

Kreative prosessar kan variere frå person til person, og ikkje alle følger nødvendigvis desse trinna i lineær rekkefølge. Av og til kan ein hoppe fram og tilbake mellom trinna eller bruke fleire trinn samtidig. Spesielt i ein kunstnarisk prosess. Modellar av prosessar er alltid ein forenkla versjon av korleis verkelegheita er. Likevel kan dei hjelpe oss til å jobbe systematisk med noko.

CC BY-SA 4.0Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2024