Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Berekraftig norgesferie

Reiselivsnæringa i Noreg har blitt stor, og stadig nye destinasjonar og turistmål dukkar opp. Filmen under viser eit døme frå Trysil, og korleis dette turistmålet har vakse dei siste seksti åra. Korleis kan vi sikre berekraftig vekst i norsk reiseliv?

Oppgåve

Førebuingar for læraren

  • Lag lappar med eitt av berekraftsmåla til FN på kvar, og brett lappane saman.
  • Lag lappar med eitt slumpord på kvar. Du kan bruke slumporda som er lista opp nedanfor, eller finne på eigne.

I klassa

  • Gå gjennom berekraftsmåla til FN, og diskuter korleis vi kan sjå måla i samanheng med norsk reiseliv.
  • Diskuter reiselivet i Noreg og kva som definerer eit berekraftig reiseliv.
  • Del klassa i grupper på fire.

I grupper

  • To på kvar gruppe trekkjer kvar sin lapp. Den eine trekkjer eit berekraftsmål, og den andre trekkjer eit slumpord.
  • Bruk tre minutt på å lese om berekraftsmålet de har fått, og på å diskutere kva det faktisk har å seie for reiselivet.
  • Bruk ti minutt på å diskutere dykk fram til fire ulike forretningsidear de kjem på med utgangspunkt i berekraftsmålet og slumpordet dykkar.
  • Bruk eitt minutt på å presentere ein av forretningsideane for klassa.

Slumpord

Politikarar, app, fiskebåt, blogg, eldre, armband, troll, isbre, ungdom, kaffikopp, isbjørn, familie, lærarar, mobiltelefon, virtual reality

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2020

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar