Idémyldring - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Idémyldring

Klar ferdig kreativ (KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, viser korleis ein kan bryte ned idéutviklinga i fire fasar. Den andre fasen er idémyldringsfasen. For å klare å vere kreativ på bestilling, må du beherske nokre teknikkar.

Klar, ferdig, kreativ – fase 2: Idémyldring. Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

Idémyldringsfasen

Når du veit noko om kva du skal lage, og kva som er måla til oppdragsgivaren, er det klart for å gå i gang med idémyldring. For å klare å gjere det på kommando er det viktig å kjenne til ulike teknikkar for å få idéane fram.

Kreativitet er som ein muskel; Han blir sterkare jo meir du trener, så øv deg på å vere kreativ. Her er nokre tips i idémyldringsfasen:

  • Set hjernen i frigir: Alt er lov! I staden for å seie «nei» eller «men», sei «ja» og «så».
  • Bruk penn og papir, ikkje datamaskin.
  • Jobb gjerne saman med andre.
  • Jobb på ein annan stad enn der du vanlegvis jobbar – kom deg ut!
  • Ha alltid med deg skissebok.
  • Hugs at idémyldring er ein prosess.
Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020