Redusere ulikskap i og mellom land
Forskjellene mellom fattige og rike land har blitt mindre. Til gjengjeld har forskjellene innad i mange land blitt større. […] FNs bærekraftsmål har satt seg som mål at de fattigste 40 prosent av verdens befolkning skal oppnå en større inntektsøkning enn gjennomsnittet i befolkningen. Utdanning, skatt, bedre sosiale ordninger og fagorganisering er områder som vil stå sentralt. Det vil bli en stor utfordring i en verden hvor penger og politisk makt henger tett sammen.
(Lars Andreas Loe i intervju med Norad, sjå Norad, 2016)
I denne oppgåva skal de bruke metoden 1 + 1 = 3 til å kome på idear til korleis vi kan nå FNs berekraftsmål nummer 10.
- tid: 20 minutt
- føremål: finne løysingar som kan bidra til å jamne ut forskjellane i verda
Instruksjon
- Gå saman i grupper på fire eller fem elevar.
- Vel éin i gruppa til å notere.
- Individuelt: Les om FNs berekraftsmål nummer 10 i boksen under.
- I gruppa: Diskuter kva de tenkjer at dette målet betyr og inneber.
- I gruppa: Vel dykk ut eit land, og bruk 8–10 minutt på å skrive ned idear de kjem på som kan bidra til å jamne ut forskjellane i landet. Hugs at alle forslag er like verdifulle. Ingen idear er dumme. Det er ikkje lov å seie «nei». Alt er mogleg! No er det om å gjere å få fram så mange idear som mogleg.
- Bruk 2 minutt på å bli samde om kva for to forslag de har lyst til å dele med klassa.
- Gruppene får 1–2 minutt kvar til å presentere dei to forslaga sine for klassa. Sei først kva land de har fokusert på, før de fortel om forslaga dykkar.
- Lag ein plakat (digitalt eller på papir) med bilete frå landet «dykkar» og forslaga dykkar til korleis forskjellane kan jamnast ut, og kva det kan ha å seie for innbyggjarane i landet.
Refleksjon i fellesskap
- Kvifor er det så store forskjellar i verda?
- Kva vil det bety for oss å jamne ut forskjellane?
- Kva kan vi som medmenneske bidra med?
- Kva har du lært av denne oppgåva?
Relatert innhald
1 + 1 = 3 er ei øving som trenar opp evna til assosiasjonstenking. Samtidig blir de kjende med berekraftsmåla til FN.