Hopp til innhald
Fagartikkel

Distribusjon som konkurransemiddel

Har du nokon gong tenkt på kva aktivitetar som må til for å få sjokoladen fram til butikkhylla? Distribusjon handlar om å gjere produkt tilgjengelege.
Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Distribusjon

Distribusjon omfattar alt arbeidet som er nødvendig for å få produkt på plass og tilgjengelege. Distribusjon betyr spreiing eller fordeling.

Vi kan seie at distribusjon er alt som skjer med eit produkt frå det er ferdig produsert til det er tilgjengeleg og har nådd ut til sluttbrukaren.

Tilgjenge

Alle verksemder er avhengige av å få levert produkt på rett stad og til rett tid. Distribusjonsavgjerder kan derfor vere utslagsgivande for om verksemda vil lykkast. Tilgjenge er nøkkelordet innan distribusjon.

Transport og lagring

Distribusjonen kan anten gå direkte frå produsenten til kunden, eller han kan gå gjennom eitt eller fleire mellomledd på vegen til kunden.

Med distribusjon via mellomledd blir det ofte naudsynt med både transport og lagring på ein eller fleire stader. Det kan vere snakk om nokså avansert , der store mengder produkt skal takast imot, lagrast og sendast vidare.

Plassering

Ei verksemd må vurdere nøye kor ho ønskjer å få plassert produkta sine, både i form av plassering av butikkar og hylleplassering for produkt. Det er avgjerande at produkta er tilgjengelege for kundane.

Kva område passar for produkta våre? Kva blir selt i nabobutikkane, og kva målgruppe retter dei seg mot? Korleis passar våre eigne produkt og målgrupper til det nabobutikkane tilbyr?

Inne i butikken er hylleplassering viktig for tilgjenget. Kor i butikken, på kva hylle og kor på hylla produkta blir plasserte, kan ha stor betydning for salet. I til dømes matvarebransjen kan det vere vanskeleg å få innpass i butikkane og sikre seg ein god plass i butikkhyllene.

Tenk over

Har du lagt merke til kva som er plassert kor i matbutikken du pleier å handle i? Kva kjenneteiknar hylleplasseringa?

Internett kan òg kallast ei plassering, sjølv om det ikkje er snakk om ein fysisk stad. Netthandel held fram med å vekse i rekordfart, og mange verksemder satsar på distribusjon via internett.

Risikoovertaking

Kven har ansvaret for skadar på produktet under distribusjonsprosessen? Når eit produkt skifter eigar, får vi det vi kallar for ei risikoovertaking. Det vil seie at risikoen for skadar på produktet blir overført til neste ledd. Risikoen for slikt som skadar på produktet, verdimink eller til dømes tjuveri blir bore av dei som overtek produktet.

Ofte er det slik at produsentar sel produkta til . Grossistar sel ofte produkta vidare til , som igjen sel til deg.

Distribusjonsavgjerder

Som marknadsførar er det viktig å ta del i distribusjonsavgjerdene, som er

  • val av distribusjonsform
  • val av distribusjonsgrad
  • val av distribusjonskanal

Vala vi gjer på desse områda, utgjer distribusjonsstrategien til verksemda og er typisk langsiktige avgjerder.

Har vi først vedteke å bruke ein distribusjonskanal, så gjer vi ikkje om på denne avgjerda med det første. Ei slik endring påverkar nemleg òg andre system og avgjerder. Det kan ta tid å sjå korleis distribusjonskanalen fungerer. Vi må derfor halde fast ved ei avgjerd i ein periode for å sjå om ho verkar etter hensikta.

Val av distribusjonsform dreier seg om at produkta anten går direkte frå produsent til kundar eller via mellomledd. Kjøper du deg til dømes ei flaske Coca Cola, har ho gått gjennom fleire mellomledd for å nå ut til deg som kunde.

Val av distribusjonsgrad dreier seg om kor lett tilgjengelege produkta skal vere. Rolex-klokker er eit døme på eit produkt som er lite tilgjengeleg og som blir distribuert eksklusivt.

Distribusjonskanalen er vegen eit produkt tek frå produsent til forbrukar. Valet av distribusjonskanal beskriv kor mange og kva type mellomledd som får produkta fram til kunden.

Podkast om distribusjon

Her kan du lytte til ein podkast der programleiar Sarah Natasha Melbye samtaler med Jon Kåre Stene. Jon Kåre var medgründer i Kolonial.no, som bytte namn til Oda.no i 2021. Han blir rekna som ein av dei fremste ekspertane i landet på distribusjon.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Oda sin distribusjonsstrategi

Distribusjon blir ofte definert som alle aktivitetar og tiltak ei bedrift set i verk for å organisere varestraumen frå produsent til sluttbrukar. Det betyr at distribusjon er grunnlaget for det aller ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0