Oppgåver om kjedesamarbeid
I denne oppgåva skal de jobbe med konkurransemiddelet distribusjon, med utgangspunkt i kjedesamarbeid.
Forslag til arbeid med oppgåvene:
- Jobb gjerne i par eller fleire saman.
- Lag ein presentasjon og legg fram for klassen.
Oppgåver
- Bruk to minutt på å skrive ned alle kjedebutikkane de kjem på. Vel ut to av kjedebutikkane de har skrive opp, og forsøk å finne ut kva slags kjedesamarbeid desse kjedebutikkane har.
- Vel dykk ut ein av kjedebutikkane i nærområdet dykkar. Forsøk å få til eit intervju med dagleg leiar for å finne
- kva slags kjedesamarbeid kjedebutikken er ein del av
- ei kort skildring av kjedesamarbeidet
- fordelar og ulemper med kjedesamarbeidet
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020