Det-setningar
Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:
- Subjekt
- Subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
- Subjektstvang
- Subjektstvang betyr at alle setningar må ha eit subjekt. Norsk og tysk er døme på språk med subjektstvang. I desse språka heiter det "Det regnar" og "Es regnet". Mange andre språk treng ikkje subjekt, og vi kan berre seie "Regnar".
- Upersonlege setningar
- Upersonlige setningar er setningar som har eit subjekt som ikkje viser til ein person eller ein ting i den verkelege verda. I setninga "Det regnar" er ikkje subjektet "Det" ein person eller ein gjenstand. Derfor kallar vi det ei upersonleg setning.
At norsk har subjektstvang, betyr rett og slett at du må ha eit subjekt i setninga. Sjå til dømes på samtalen under. Legg du merke til korleis ordet "det" blir brukt som subjekt?
- Det regnar!
- Ja, men i går snødde det.
- Ja, det gjorde det, ja!
- Eg synest det er så herleg når det er sol, eg.
- Ja, det er fint med litt varme.
Korleis ville samtalen over vore på førstespråket ditt? Prøv å omsetje og legge merke til kva som skjer med ordet "det" i omsetjinga.
Det alle setningane over har til felles, er at dei ikkje har eit tydeleg subjekt. Derfor kallar vi dei upersonlege setningar. For kven er det eigentleg som handlar når vatnet dryper ned frå himmelen?
Sidan norsk har subjektstvang, blir "det" rett og slett brukt som subjekt i setningar som ikkje treng noko subjekt:
Det regnar.
Det er så vondt!
Det blåser.
Det iser på bakken.
Setningar som ikkje er upersonlege
Viss du samanliknar det-setningane med setningane under, vil du sjå at subjektet er ein person eller ein gjenstand. Derfor seier vi at desse setningane er personlege. Subjektet står først i setninga:
Guten hoppar.
Eg er sjuk.
Bilen køyrer.
I desse setningane er det tydeleg kven eller kva som "handlar" eller "er". Det er "guten" som hoppar, "eg" som er sjuk og "bilen" som køyrer.
"Det" i upersonlege det-setningar skal stå på same stad som subjektet står i setningar som ikkje er upersonlege. Derfor står det ofte først i setninga.
Men på norsk er det òg vanleg å ha andre ledd, til dømes adverbialet, først. Då må det stå etter verbalet. Dette er på grunn av V2-regelen:
I setninga "I dag er det kaldt" er "i dag" adverbial og "det" subjekt.
I setninga "No bankar det på døra" er "no" adverbial og "det" subjekt.
I setninga "Endeleg er det laurdag" er "endeleg" adverbial og "det" subjekt.
Dette er ein del av ein læringssti. Gå vidare i læringsstien for å øve på å lage upersonlege det-setningar.
Relatert innhald
Lær deg korleis du skal lage upersonlege det-setningar på norsk.
Lær å lage gode setningar på norsk med lappemetoden.